Hopp til innhold

200 tonn avfall er så langt funne under rundkøyring

Lastebilar, traktorar, bilar, oljefat og gamle vekeblad. Dette er noko av fangsten i samband med laging av ei rundkøyring på Bergum ved Førde. Så langt er 200 tonn avfall funne.

Avfall på Hornnes i Førde

Så langt er det frakta bort 200 tonn avfall på Hornnes i Førde. Avfallet vart funne i samband med vegarbeid.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei har fått seg litt av ei overrasking dei som sit bak spakane i gravemaskinene på Bergum ved Førde.

Under arbeid med ei rundkøyring i samband Førdebakken, fekk grabben plutseleg hardt feste. Det viste seg at det verken var fjell eller stor stein, men i staden enrome mengder metall, gamle traktorar, ein lastebil, bilvrak og mykje anna skrot.

Så langt er 200 tonn avfall sortert og køyrd vekk. Kor mykje som er igjen i jorda er umogleg å seie.

Ikkje teikna inn på kartet

Den gamle avfallsplassen var ikkje teikna inn på noko kart, slik at verken vegvesenet eller entreprenøren visste om kva som venta dei då arbeidet med den nye rundkøyringa på Bergum starta.

Prosjektleiar Tomas Østerbø i Entreprenørservice fortel at det er svært tidkrevjande å grave opp og sortere alt avfallet.

– Vi har så langt fått opp 200 tonn. Kor mykje som er igjen er vanskeleg å seie, men vi har truleg fått opp godt over halvparten av avfallet, seier han.

Gravemaskina med metallskrap i grabbem

Dei fekk seg litt av ei overrasking dei som sit bak spakene på gravemaskinane på Bergum ved Førde. Der rundkøyringa skal ligge er det store mengder avfall.

Foto: Bård Siem / NRK

Ekstrakostnader

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Mariann Svingen, fortel at avfallet blir levert til gjenvinning. I tillegg er det teke prøver av jorda. Dersom det viser seg at jordmassane inneheld farlege stoff, må også alt dette leverast inn til forsvarleg lagring.

Svingen fortel at alt ekstraarbeidet med den ukjende søppelplassen vil medføre ekstrakostnader på truleg to til tre millionar kroner.