Hopp til innhold

Rekordoppmøte på Gummibåtfestivalen

Det starta som ein litt sprø idé mellom fire kompisar. Laurdag flokka nær 200 ungdommar seg til Gummibåtfestivalen i Stryneelva.

– Det høyrest kanskje rart ut. Det handlar om at vi kastar oss ut i gummibåt og seglar nedover Stryneelva. Det er om å gjere å kose seg best mogleg, seier Emil Solheim, ein av arrangørane.

– Ein perfekt dag

Kalenderen viste 2009 når Solheim og kameratane Kristoffer Vik Nygård, Stian Bøe og Pål Henning Jørgensen første gang fann ut at gummibåt, fest og Stryneelva var ein god kombinasjon.

– Vi gjorde dette sjølv, og fann ut at det hadde i grunn vore kjekt å hatt ein festival.

Sjå video frå gummibåtfestivalen (foto/redigering: Roger Vik)

Video frå Gummibåtfestivalen i Stryn 2014.

Som sagt så gjort. I 2010 såg Gummibåtfestivalen dagens lys. Årets festival vart den femte i rekkja.

– Det var faktisk rekord i år. Opp mot 200 møtte opp. Det var ganske fint vêr og varmt. Nokre få regndropar, men det gjorde ingenting. Det var ein perfekt dag. Det gikk veldig bra. Eg har inntrykk av at alle kosa seg. Eg kan ikkje hugse at vatnet i elva har vore så varmt før, oppsummerer Solheim.

Farkostar i alle fasongar, meir eller mindre flytedyktige, fekk vatn å flyte på i elva frå klokka 13 til 17 laurdag. Deretter venta «after boat party» på ein utestad i Stryn med trubadur Rasmus Fannemel.

Har blitt ein årleg reunion

Ifølgje Solheim har festivalen blitt ein fast møtestad for mange unge, ikkje minst utflytta stryningar.

– Mange er vekke og studerer i andre byar. Ingen av oss arrangerer bur i Stryn til dagleg. Vi er jobbar og studerer andre stader, og dei tek med seg folk dei kjenner. Vi merkar at det kjem ungdomar også frå Bergen og Oslo. I går var det eit par stykk som kom til Stryn berre for å vere med på Gummibåtfestivalen. seier Solheim som sjølv nyleg flytta frå Bergen til Oslo.

Og økonomien i ein Gummibåtfestival? Det er ingen problem, skal ein tru arrangørane.

– Vi har utgifter til litt utstyr. Kanskje ein 1000-lapp, ler Emil Solheim.