Årsaka til rekordresultatet er betre tider i næringslivet, god kostnadskontroll og sterkt fokus på kvalitet. Det seier
administrerande banksjef Arvid Andenæs.
- Det gjer at vi har bokført langt mindre tap enn tidlegare, seier banksjefen.
Skjebnefellesskap
Sparebanken Sogn og Fjordane gler seg over det gode resultatet og Andenæs meiner dette viser at banken er profesjonell og konkurransedyktig. At næringslivet har hatt ned- og oppturar merkar banken også fort. Men tala viser at fjoråret var eit godt år også for næringslivet.
- Vi lever i eit skjebnefellesskap med fylket og næringslivet i fylket. Utviklinga i næringslivet er veldig viktig for ein bank som vår, seier Andenæs.
Ungdom tek med seg banken
Stadig fleire tek i bruk nettbank. I fjor auka nettbankbruken her i landet med 44 prosent og fjoråret viste at nettbanken for alvor er blitt noko meir enn ein plass vi betaler rekningane våre. Og dette merkar også Sparebanken Sogn og Fjordane. Ungdom som flyttar ut av fylket, låner pengar heime.
- Ungdom som har fått ein relasjon til ein bank før dei reiser heimafrå tek ofte banken med seg. Det er enklare å ringe til nokon ein kjenner heimafrå enn å gå i ein stor bybank for å spørje om lån når du skal ha ditt fyrste husvære, seier Andenæs.