Hopp til innhold

200 kubikkmeter snø til fri avhenting

Er du ein av dei som ikkje kan få nok av snø, i Luster sit ein kar med glitrande tilbod til kanskje nettopp deg.

Gir vekk snø

GRATIS TIL DEN SOM VIL HA: På Lambhaug ligg 200 kubikk med jomfrueleg kvit snø til den som vil ha.

Foto: Martin Buch Larsen

Martin Buch Larsen

GIR BORT SNØ: Martin Buch Larsen har fått to tilbod etter at annonserte vekk snøen på FINN.no.

Foto: Privat

«Grunnet svært gunstige snøforhold i mitt lokalområde velger jeg nå å gi bort ca. 200 kubikk med snø til de som måtte trenge det».

Slik prøver danske Martin Buch Larsen på ein litt utradisjonell måte å bli kvitt snøen sin - i ein annonse på FINN.no.

– Eg såg eit bilete av ein frå Jostedalen som moka garasjetaket, og då tenkte eg med gru på all den snøen eg har på taket sjølv, seier han til NRK.

Eg smeller til med ein annonse på FINN

Martin Buch Larsen

Vil hjelpe andre

Den danske skilærarar fann ut at her må ein kunne slå fleire fluger i ein smekk. Slik at han ikkje berre blir kvitt snøen i ein fei, men og kan hjelpe ein stakkar som ikkje klarer å skrape saman nok til ein snømann.

– Så tenkte eg at eg smeller til med ein annonse på FINN og ser om vi ikkje kan får ordna det.

Einaste atterhaldet Buck Larsen tar i annonsen, er at han vil behalde ein haug på 20 kubikk med snø som ungane brukar til hole og tunnelar.

Gir vekk snø

MYKJE SNØ: Taket på carporten bøyer seg under vekta av all snøen.

Foto: Martin Buch Larsen

Eg tenkte med gru på all den snøen eg har på taket.

Ny og gratis

Resten, om lag 200 kubikk med snø som han har liggande på ulike takflater på småbruket, er fri til avhenting. Ved bruk av større maskiner vil han gjerne varslast på førehand, ellers er snøen ny, kvit og gratis.

– Eg har fått to tilbod frå folk som vil hente snøen, ler han.

Ikkje heilt nøgd med tilboda

Men dei tilboda var ikkje heilt det Buck Larsen hadde håpa på. Den ynskte å gjere ein bytehandel der Buck Larsen fjerne 75 kubikk med jord, stein og leire og murar opp ein to meter høg og 26 meter lang ringmur for han, og så fjernar han snøen til Buck Larsen seinast 12. juli.

– For å seie det slik så har eg ikkje gitt han tilslaget, eg håpar framleis på eit betre tilbod.

Den andre tilbyr seg å hente snøen med tankbil 16. mai.

– Eg er ikkje heilt i mål med handelen enno kan du seie, ler den danske skilæraren.

Gir vekk snø

NOK NO: Gratis snø til den som vil hente.

Foto: Martin Buch Larsen