Hopp til innhold

200 dorullar vert gjeve vekk

Slik var annonsen på finn.no. Men Lasse Annevik frå Årdal forsto ingenting då den første telefonen kom.

Dorull

200 DORULLAR: 30 personar ringte til Lasse Aannevik for å få tak i dei 200 rullane med toalettpapir han ville gje vekk på grunn av allergi. 30 personar sendte mail om det samme.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

- Eg fekk ein telefon frå nokon som ville ha 200 dorullar. Eg forstod ingenting, ler Lasse Aannevik frå Årdal.

Her kan du sjå annonsen på finn.no

Spesiell annonse

17-åringen sitt namn og telefonnummer ligg ute i ei annonse på nettstaden finn.no.

Der lovar han å gje vekk 200 rullar med toalettpapir mot henting på grunn av allergiske reaksjonar. Berre seriøse førespurnader.

Då den andre og den tredje telefonen kom om toalettpapiret forstod han endå mindre.

Etter kvart dukka det også opp e-post frå folk som gjerne kunne tenke seg å hente eit lass med dorullar.

Ville vite kva type papir det var

Fleire var også nyfikne på kva denne allergien hans var, og ville gjerne ha svar på kva type toalettpapir det var snakk om.

- Eg svarte etter dei første telefonane at eg allereie hadde gjeve dorullane vekk. Og eg har ikkje peiling på kva ulike toalettpapirtypar som finst, ler han.

Det viste seg at Adrian Forthun Olsen, kameraten til Aannevik, hadde ein heil del med annonsen på nettstaden å gjere.

Vanleg i kompisgjengen

Kompisane likar å lage såkalla "practical jokes" med kvarandre, og denne gongen var det Annevik som vart lurt.

- Vi har det slik på skulen at vi nesten ikkje kan gå frå datamaskinene våre før nokon har tulla eller gjort noko på facebook-sida.

Hevnen er søt

Sjølv om 17-åringen ler godt av spøken og alle telefonane og e-postane han har fått, har han ikkje tenkt å la kompisen få sleppe billeg unna.

- Eg har såvidt begynt å tenkje på kva eg skal gjere tilbake, men eg har ikkje heilt kome i mål enno. Vi får sjå, seier han.