Hopp til innhold

200 bilar køyrde over 150 km/t

Fleirtalet av alle bilar i Lærdalstunnelen braut fartsgrensa i fjor.

Lærdalstunnelen

HER GÅR DET FORT: Lærdalstunnelen i Sogn er lang - og mange nyttar høvet til å trakke ekstra til på gasspedalen, syner tal frå Vegvesenet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Eg blir så rysta og rasande over at vaksne menneske kan vere så tanketomme og ha så lite respekt for andre menneske at eg blir kvalm, seier fylkesvaraordførar og mangeårig trafikktryggingspolitikar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes til Sogn Avis.

Nesten 60 prosent braut fartsgrensa

Tal avisa har fått tilgang til frå Statens vegvesen, slår fast at Lærdalstunnelen har blitt arena for høg fart:

I 2009 køyrde 209 bilar over 150 km/t då dei passerte vegvesenet sin faste farts- og trafikkmålar i tunnelen.

I løpet av året køyrde i alt 636 195 bilar gjennom tunnelen. 56,8 prosent heldt ei fart over fartsgrensa på 80 km/t. Svært mange av desse igjen køyrde fortare enn både 110 og 120 km/t.

Politiet vil ta opp saka

No vil konstituert politimeister Ronny Iden ta opp dei stygge tala med vegstyresmaktene for å sjå kva tiltak som kan setjast i verk for å få kontroll med situasjonen.

- Dette er risikobilistar som ikkje tek fartsgrensa på alvor og ikkje ser det katastrofepotensialet det er dersom det skjer noko i den farta, seier Iden til Sogn Avis.

PS: NRK melde tidlegare i dag at heile 2000 bilar hadde køyrt over 150 km/t i Lærdalstunnelen i 2009. Talet var feil, og skuldast ein reknefeil i Sogn Avis. Vi seier oss lei for feilen.