Hopp til innhold

200-300 jobbsøkarar på «speeddating»

I dag var fleire hundre jobbsøkarar og eit trettitals bedrifter frå Sunnfjord samla for å by seg fram til kvarandre.

Jan Støfring

UNIKT: Jan Støfring, som talte til forsamlinga på over 200 arbeidssøkarar og ei rekke bedrifter, var svært imponert over oppmøtet. Han trur framtida til næringslivet kan ha gått rundt i salen i dag.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

Ole Ivar Luggenes, teke turen frå Kyrkjebø i Høyanger, og er på jobbjakt.

– I dag har det gått bra. Det er jo første gong dette skjer, og eg tykkjer det er eit bra tiltak. Vi får sjansen til å møte bedrifter og få ein liten følar ut i marknaden.

Men det er ein tøff marknad han skal inn i. Dei siste tala frå NAV syner at Sogn og Fjordane framleis har den klart lågaste arbeidsløysa i landet, med 1,6 prosent. Men berre 230 ledige stillingar vart lyste ut i oktober, noko som gjer at det er 22 prosent færre ledige stillingar enn for eitt år sidan.

Unik og nervepirrande moglegheit

Ole Ivar Luggenes

PÅ UTKIKK: Ole Ivar Luggenes er glad for moglegheita for å møte bedrifter.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

Luggenes, som har fagbrev i lager og logistikk, ønsker seg aller helst ein jobb innanfor det han kan. Men han er også open for å skifte yrke om det er det som må til. Difor er han svært glad for å kunne flørte med ulike bedrifter.

– Det er ein unik moglegheit. Du får møte dei ansikt til ansikt og du får og moglegheita til å seie «her er eg, eg har lyst på jobb». Det er spanande og annleis, seier han, men vedgår likevel:

– Litt nervepirrande er det jo. Men eg tenkte eg berre skulle hive meg på.

Trur framtidas i næringslivet var på date i dag

Leiar i NAV Førde, Magne Kjetil Berg, seier dei legg til rette for ein viktig møteplass.

– Bedrifter kan profilere seg, yrkesfag kan vise fram sine utdanningar, men ikkje minst kan arbeidssøkarar få snakke med bedrifta på ein uformell måte. Ingenting hadde vore betre enn om nokon fekk seg jobb her, seier Berg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jobbsøkarar Førde

SPEEDDATING: Mellom 200 og 300 arbeidssøkarar og eit trettitals bedrifter møtte opp i Førdehuset for å by på seg sjølve.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

Jan Støfring, som er leiar i Sunnfjord Næringsutvikling, er overraska over kor mange som var klare for speeddatinga.

– Eg eg overimponert over kor mange som møter opp og besøker oss. Det er umåteleg moro å dra oss sjølv ut i ein open marknad og møte folk, seier Støfring.

Han trur dei som skal drive næringslivet i Sogn og Fjordane i framtida kan vere blant dei jobbsøkande som bydde seg fram i dag.

– Det er vanskeleg å seie høgt at ein håpar at ikkje alle har jobb heile tida. Men det gamle ordtaket at «nød lærer naken kvinne å spinne» gjeld også litt i næringslivet. Folk med nye tankar for neste generasjon går heilt sikkert rundt her.