Den største skilnaden på dagens førarkortopplæring og det nye prøveprosjektet er at opplæringa no blir delt i to. Teoriprøven kan ein ta når ein er 17, saman med ei oppkøyring på 20 minutt. Det seier mannen bak søknaden, rådgjevar i Statens Vegvesen, Kåre Ljones.
Betre kvalitet
Etter eitt år med lærekøyring får ein så ta den endelege oppkøyringa og får førarkortet. Eitt av hovudpoenga er å få ein høgre kvalitet på lærekøyringa det siste året før ein tek førarkortet, seier Ljones.
Suksess tidlegare
Tidlegare har vegvesenet i Sogn og Fjordane hatt stor suksess med sin "Sei i frå"-kampanje retta mot ungdom. Evalueringa synte at prosjektet hadde kosta 2 millionar og spart samfunnet for 34 millionar i ulukkeskostnader.
Idé frå utlandet
Idéen til det nye prosjektet er henta frå utlandet, der dei har hatt svært gode erfaringar frå denne forma for førarkortopplæring.
Start til neste år
Om alt går som vegvesenet vil, kan prøveprosjektet starte i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i løpet av kort tid.