Sjå bilete av raset mellom Lærdal og Erdal
Det var store steinblokker som kom ned i vegbana omlag klokka 7.10, tre kilometer frå Lærdal sentrum. Til all lukke vart ingen treft av raset. - Det er alltid utriveleg når du veit at vener og kjende køyrer på vegen, seier ein av dei som bur på strekninga, Lars Magnar Stølen. Han veit om folk som passerte rasstaden kort tid før raset gjekk, og om andre som kom til rasstaden like etterpå.
Båtrute medan vegen er stengd
Vegvesenet opplyser at vegen vil bli stengd i to til tre dagar, og at det i denne perioden vil bli sett opp ei båtrute på strekninga.
Store steinblokker stenger vegen. Foto: Cosmin Cosma, NRK
Også telefonproblem
Det er omlag 20 personar som no er utan vegsamband. Dei er og utan fasttelefonsamband fordi raset sopte telefonlinja på sjøen. Det er frå før dårleg mobilsamband på strekninga.
Foto: Cosmin Cosma, NRK
Raset har øydelagt vegbana på ei strekning på 100 meter. Fylkesvegen mellom Lærdal og Erdal er og ein del av fjellvegen mellom Aurland og Lærdal. Fjellvegen var alt mellombels stengd på grunn av snø fredag.