NRK Meny
Normal

Fastbuande og julegjester sperra inne av snøras

Kring 20 fastbuande og julegjester er rasfast i bygda Otterdal i Hornindal kommune. No vurderer dei å grave fram båten frå snøen og setje den på vatnet for å få folk ut og inn av bygda.

Otterdal

ISOLERT IGJEN: Bygda Otterdal i Hornindal er nok ein gong isolert. Denne gongen av snøras.

Foto: Reidunn Otterdal

Otterdal blei som kjend hardt råka av ekstremvêret Dagmar i jula 2011, og bygda var lenge utan veg etter at vegen deira for. No er vegen komen på plass igjen, men dei store snømengdene skapar vanskar.

Thore Heggen

KJEM SEG IKKJE UT: Thore Heggen og kring 20 andre er no rasfaste i Otterdal i Hornindal.

Foto: NRK

– Vi såg snøplogen siste gong i sekstida i dag, så var det ei som skulle på jobb som kom fort heim att. Då var det gått ras. No er det så mykje snø at vi må forvente at det kjem ned. Ikkje så overraskande for oss slik sett, seier Thore Heggen på telefon frå Otterdal.

Sidan dei fleste i bygda har julefri, skapar ikkje stengd veg dei største utfordringane enno. Men for nokon blir det likevel vanskeleg.

Ventar nye gjester

– Vi har nokon julegjester som må bli litt lenger enn det ein hadde tenkt. Vi ventar nokon nye julegjester som vi kanskje får litt problem med å få inn her. Vi får korleis det skal løysast. Om det blir heilt umogleg, så får vi setje båten på vatnet igjen, seier Heggen.

Båten må i så fall gravast fram frå dei store snømengdene som har lava ned over heile Sogn og Fjordane dei siste dagane.

– Vi har beredskap på det, men det einaste er at det er så mykje snø at det blir litt arbeid å få han fram, fortel Thore Heggen.

Otterdal isolert

FLEIRE RAS: Nikolai Otterdal Heggen er ein av innbyggjarane i Otterdal som no er isolerte på grunn av fleire snøras.

Foto: Reidunn Otterdal

Fire mindre ras

Ifølgje Statens vegvesen er det fire mindre snøras som har gått på fylkesveg 663 mellom Otterdal og Hornindal.

Ifølgje Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen avventar brøytemannskap med ryddinga i tilfelle det skulle komme fleire ras.

– Eg veit ikkje kor lenge dei avventar, men det vil i alle fall bli teke ei ny vurdering før det mørknar, seier Nedberge Hille.

Otterdal

INNESTENGT: Otterdal blei som kjend hardt råka av ekstremvêret Dagmar i jula 2011, og bygda var lenge utan veg etter at vegen deira for.

Foto: NRK

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser