20 bilvrak i brann i Florø

Natt til laurdag vart det meld om brann i fleire bilvrak ved Botnastranda i Florø. Ein person vart send til lege etter hendinga.

Brannvesenet driv sløkking av bilvrak i Florø

BRANN: Kring 20 bilvrak stod natt til laurdag i brann ved Botnastranda i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Melding om at det brann inne på industriområdet ved Botnastranda i Florø kom kring 23.30 fredag kveld. I løpet av ein halvtime hadde brannvesenet kontroll på brannen.

– Då var det kring 20 bilar som hadde brunne inne på området, fortel operasjonsleiar i politiet Inge Værøy.

Ingen vart skadde i hendinga, men ein person vart send til lege for sjekk.

– Det stod ei campingvogn i nærleiken, der ein person sov. Han vart teke til lege for kontroll, og dimittert der, seier Værøy.

Det er førebels uklart kva som er årsak til brannen. Saka vert vidare etterforska ved Flora politistasjon.

– Det er førebels uvisst når undersøkingane på staden vil starte.

Store mannskapar frå politi og brannvesenet var på staden

ETTERFORSKAR: Det er uvisst kva som starta brannen, og saka blir vidare etterforska.

Foto: TRULS KLEIVEN