NRK Meny
Normal

20-åring styrta med paraglider - alvorleg skadd

Ein 20 år gamal mann styrta i går med paraglider i Aurland. Mannen vart frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus og har no status som alvorleg skada.

Laster kart, vennligst vent...

STYRTA: Mannen har styrta ved Høgåsen i Skjerdalen, i Aurland kommune.

– Han har fått ein kraftig snurr, gått rundt, og styrta rett i bakken med ganske høg fart, sa Espen Gulliksen ved politiet sin operasjonssentral i Florø etter ulukka i går ettermiddag.

Mannen var ifølgje politiet både medviten og talefør, men hadde smerter i både rygg og mage. Ulukka skjedde ved Høgåsen i Skjerdalen.

Ein luftambulanse kom ganske raskt fram til staden, og fekk frakta mannen til sjukehuset i Bergen.

Ein lege var tilfeldigvis i nærleiken av der ulukka skjedde, og var i kontakt med mannen fram til luftambulansen kom.

– Vi veit ikkje kor alvorlege skadane er før luftambulansen er på plass, sa Gulliksen i går ettermiddag.

Då politiet varr på staden for å gjere avhøyr og anna etterforsking i går kunne dei ikkje seie noko meir om kva som hadde skjedd.