Hopp til innhold

Campingeigar og to andre måtte halde fast hissig gjest

På ein campingplass i Sogn tok ein 20-åring seg inn i eit telt og slo mot ein mann. Seinare tok han kvelartak på ei kvinne.

Aurland

– Vi fekk ein telefon om ein mann i 20-åra som ikkje klarte å oppføre seg. Tipsar meinte mannen var aggressiv og rusa, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Det var natt til laurdag at mannen tok seg inn i eit telt på ein Lunde camping i Aurland.

– I teltet slo han etter ein mann. Vi har og fått melding om at han tok kvelartak på ei kvinne, seier Kolltveit.

Politiet rykte ut til campingplassen, der campinggjestar heldt mannen nede på bakken.

– Mannen var rusa og ikkje samarbeidsvillig. Dei klarte å halde han på bakken fram til vi kom til staden, seier Kolltveit.

Tre menn måtte halde mannen nede

Den rusa mannen var sjølv gjest på campingplassen.

– Det er 25 år sidan sist vi har hatt bråk her. Vi var tre menn som måtte halde mannen nede i ein time før politiet kom, så vi syns det tok litt tid, seier eigar av campingplassen, Jens Lunde.

Den 29 år gamle mannen blei tatt med til Førde for å sove ut rusen i arresten.

– Vi har oppretta sak på hendinga og vil snakke med han i dag, seier Kolltveit.