Hopp til innhold

Han kan feire at det i dag er 20 år sidan Norge sa nei til EU

Leiar i Nei til EU i Sogn og Fjordane, Håkon Giil, hugsar godt kvar han var då Norge sa nei til EU-medlemskap den 28. november 1994. Det var eit fleirtal på 52,2 prosent som vende tommelen ned for medlemskap denne dagen for 20 år sidan.

Håkon Giil
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Då var eg i Førde, dagen hadde vore lang, ørkeslaus. På ein måte fall eg litt saman etter ein lang og anstrengande valkamp. Eg hadde røysta heime i Hyllestad, og om kvelden drog eg til Førde.

Og då var han slett ikkje sikker på at han skulle på fest og feire ein siger.

– Det var ikkje klart at det skulle bli ein fest. Det vart det, men det visste eg ikkje tidleg på dagen. Eg drog til Førde for å ta det som kom saman med mine partifeller. Eg var då leiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, seier Håkon Giil.

– Hadde kapitalen og pressa mot oss

Og utfallet tok dei slett ikkje for gitt.

– Vi var slett ikkje sikre. Vi hadde kapitalen imot oss, vi hadde pressa imot oss, det var veldig mange industrileiarar som fortalde kor mykje gale som kunne skje dersom ikkje folket brukte vetet og røysta ja til EU.

Og han vil ikkje vere med på at det var noko hæla i taket på Sp-samlinga i Førde då resultatet var klart.

– Det var ingen stor fest, det var ei valvake. Vi var så utkøyrde etter ein lang valkamp at vi datt litt saman. Festen kom seinare.

Sjølve Nei til EU-dronninga i 1994 var Anne Enger Lahnstein, som då var leiar i Senterpartiet.

På ja-sida var det statsminister Gro Harlem Brundtland og to profilerte statsrådar, handelsminister Grete Knudsen og fiskeriminister Jan Henry T. Olsen, også kalla null fisk-Olsen som var mest i vinden.

(Artikkelen held fram under biletet).

Nei til EU-genser

NEI TIL EU-SYMBOL: Teikninga av Gro Harlem Brundtland som fylte EU-bøtta med mjølk frå den norske kua vart mykje brukt av motstandarane. Motivet er enno å sjå på ein driftsbygning i Valdres.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Ei stor bør av skuldrane mine

Då resultatet var klart med eit nei-fleirtal på 52,2 prosent var Håkon Giil så høgt oppe at det gjekk ut over nattesøvnen.

– Eg køyrde heim seint på natta, eg ville ha natta i mi eiga seng. Men eg hadde problem med å sovne. Det var mange tankar og ein uendeleg lettelse som prega meg. Ei stor bør var teken av skuldrane mine, og eg såg framtida fortrøystningsfullt i møte på ein heilt annan måte enn eg elles ville ha gjort.

For han var heilt sikker på at dei hadde gjort det rette, dei som fronta nei-sida.

Noko av det Håkon Giil hugsar best frå 1994 er då han etter avrøystinga drog til Oslo og møtte stortingsgruppa til Senterpartiet.

– Det sit brent i minnet, og særleg møtet med Anne Enger Lahnstein, som hadde kjempa slik. Ho hadde vore skulda for løgn, og så fekk vi vitnemålet om at det var ho folk trudde på, ikkje Gro Harlem Brundtland. Det var ei stor oppreising for Anne.

Sogn og Fjordane var eitt av mange fylke med nei-fleirtal, men slett ikkje det fylket med klarast nei. Giil seier det var mange sterke ja-folk i Sogn og Fjordane.

– Vi hadde markante stortingspolitikarar som var klare i sitt ja-standpunkt, som Kjell Opseth. Men vi hadde og markante stortingspolitikarar som var klare i sitt nei-standpunkt, som Reidar Sandal.

For i Arbeidarpartiet var det aksept for at Sosialdemokrater mot EU kunne få kjempe sin kamp.

– Hadde det ikkje vore slik ville kampen ha blitt uendeleg mykje vanskelegare, seier Giil 20 år etter.

Han hugsar at det frå ja-sida vart hevda at om vi ikkje ikom nn i EU så kom ikkje Bremanger-sambandet til å bli bygt.

– Historia har vist at veldig mykje av det ja-sida hevda, var feil, seier Håkon Giil.

Han viser mellom anna til argumentasjonen frå mellom andre Hydro-direktør Egil Myklebust om at aluminiumverka i Årdal og Høyanger ville li om det vart eit nei.

– Det var klart at det virka. Det viste røystegjevinga på industristadene. Etterpå har det vist seg at han tok feil. Talet 100.000 arbeidsplassar trur eg at dei angra på, fagleg sett hadde dei ikkje belegg for det.

(Artikkelen held fram under videoen).

StatsministerGro Harlem Brundtland i Måløy i august 1994.

STATSMINISTEREN I MÅLØY: Dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland på besøk i Måløy i august 1994. Her blei ho møtt av Nei til EU-plakatar.

– Domstein køyrde knallhardt...

Eitt område der det var mykje strid i Sogn og Fjordane var fiskerinæringa. Dei fleste fiskarane ville stå utanfor EU, men fiskeindustrien ville ha medlemskap for å sleppe toll.

– Mellom andre Domstein i Måløy køyrde knallhardt på. Det Domstein ikkje såg var kor viktig kontrollen over ressursane var. Sidan vi ikkje er EU-medlem har vi faktisk kontroll over ressursane, ikkje berre fisken, men også oljen.

– I ettertid har det vist seg at dette har vore langt, langt viktigare enn nokre prosent toll på bearbeidde produkt. Det Domstein har oversett er at det ikkje er tollen som har pressa Norge, det er først og fremst at vi er eit høgkostland, seier Håkon Giil.

(Artikkelen held fram under biletet).

Rolf Domstein

MEINER HAN FEKK RETT: Rolf Domstein peikar på at det knapt er att bearbeiding av fisk i Norge.

Foto: Steinar Lote / NRK

Men Rolf Domstein er like overtydd no som i 1994 om at det var ei ulukke for fiskerinæringa at vi ikkje kom inn i EU.

– Det har hatt veldig mykje å seie. På desse 20 åra er omtrent all bearbeiding av fisk i Norge avvikla og flytta til utlandet, mykje til EU, men også til lågkostland i Aust-Europa og Asia.

– Synest det er trist

Framleis blir det landa store kvanta fisk i norske hamner, men det meste blir konservert og transportert til andre land, der det blir bearbeidd.

– Eg synest det er trist, seier Domstein. Vi hadde ambisjonar om å utvikle oss innan bearbeiding av fisk i Norge. Men då det vart avgjort at vi skulle stå utanfor EU så flytta vi den utviklinga til utlandet. Vi har 160-170 tilsette i Sverige, her i Måløy har vi nesten ingen igjen.

Han meiner det er han som fekk rett i sine spådommar.

– Ja, eg gjorde det. Og vi tok konsekvensane av det og flytta til EU og utvikla oss der.

Rolf Domstein konstaterer at Norge likevel har greidd seg godt utanfor EU.

– Vi har hatt oljen og har halde oppe ein høg levestandard, men det kjem ein dag etter oljen. Med den nedbygginga vi har hatt av fiskeindustrien har vi eit mykje dårlegare utgangspunkt i framtida.

Men han trur ikkje det er aktuelt med nokon ny søknad om EU-medlemskap , iallfall ikkje på kort sikt.

– Undervurderte frykta for det ukjende

Nei til EU-leiar Håkon Giil meiner EU-kampen i 1994 ikkje var på langt nær så tøff som kampen mot EEC i 1972.

– 1972-kampen var endå meir innbiten på den måten at meiningsskilnaden gjekk tvers gjennom ekteskap og slekter. I 1994 var det i større grad takhøgde for at ein kunne meine noko anna.

Giil peikar på at det særleg innan Arbeidarpartiet var mykje større aksept for å meine noko anna enn partileiinga i 1994 enn i 1972.

Rolf Domstein har denne analysen av nei-resultatet i 1994:

– Eg trur ja-sida undervurderte frykta for det ukjende. Nordmenn var trygge, dei hadde eit godt liv, og EU var noko skremmande og nytt.