1,5 tonn død fisk

Direktoratet for naturforvaltning er bekymra over stor fiskedødelegheit i samband med aluminiumsbehandlinga av Lærdalselvi.

Lærdalselvi
Foto: Kjell Arvid Stølen

- Vi fann mange fleire døde fisk enn kva vi hadde rekna med, seier seniorrådgjevar Jarle Steinkjer i Direktoratet for naturforvaltning.

I april år vart det på ny sett i gang behandling med sur aluminium i Lærdalselvi, for å prøve å få bukt med den frykta lakseparasitten gyrodactylus salaris.

- Aluminiumsbehandlinga skulle jo eigentleg skåne fisken, seier Steinkjer.

1,5 tonn daud laks og aure

Elva har vore behandla fleire gonger tidligare, både med den omstridde plantegifta rotenon og sur aluminium. Det har vore knytt stort håp til aluminium, som har vore rekna som ein snillare behandlingsmetode. Men no seier Steinkjer at dei har funne omlag 1,5 tonn død laks og aure etter behandlinga i vår.

- Vi har erfart at vi får meir dødelegheit når vi behandlar elvar på våren enn om sommaren, seier Steinkjer.

Behandlinga gjekk ut over dei store

Steinkjer seier at det ser ut som om dei små fiskane har overlevd behandlinga.

- Det er stort sett dei store fiskane som ikkje har tålt behandlinga, forklarar Steinkjer.

Funn av gyrodactylus salaris

Steinkjer er også uroa over at dei sjølv heilt mot slutten av aluminiumsbehandlinga fann fisk med gyrodactylus salaris-smitte.

- Under behandlinga fann vi parasittar på fisken. Og to-tre dagar før vi avslutta behandlinga, var det framleis parasittar i elva.

Steinkjer veit likevel ikkje om desse parasittane er der i dag:

- No overvakar Veterinærinstituttet elva, for å avgjere om behandlinga har vore vellukka eller ikkje.

Johannes Hunderi som er leiar i Lærdal elveigarlag vil ikkje kommentere saka før den endeleg rapporten er klar.