Hopp til innhold

Me er ikkje flinke nok, seier ministeren

1–2 born i kvar einaste skuleklasse opplever omsorgssvikt. Me er ikkje gode nok, seier Barne-, likestillings og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp).

Solveig Horne

IKKJE FLINKE NOK: Vi er ikkje flinke nok på å kome tidleg inn og avverje omsorgssvikt, seier statsråd Solveig Horne

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Me har ikkje vore flinke nok. Alle sakene i det siste syner at me ikkje har vore flinke nok til å jobbe førebyggjande og kome inn tidleg nok, seier ministeren.

I dag var ho på fagdag i Sogn og Fjordane. Der fekk ho høyre korleis Førde kommune i årevis har satsa målretta for å avverje omsorgssvikt, og korleis NAV, barnevernet, helsestasjonen og andre har gått på kurs, lært av kvarandre og samarbeida på tvers av etatar. Ministeren seier Førde er ein føregangskommune.

– Kommunen har teke arbeidet med å kome inn tidleg på alvor. Fleire kommunar bør ta innover seg at dei må jobbe på tvers og satse på førebygging. Det vil gje hjelp til dei familiane i kommunen som treng det.

Hundretusenvis av born i landet

Og den hjelpa er det svært mange familiar i svært mange kommunar rundt i landet som treng.

– Vi veit at i overkant av 100.000 born lever i familiar med valdsproblematikk, at 90 – 100.000 born lever i ein familiar med alkoholproblematikk, og at tilsvarande tal lever i familiar der ein eller begge foreldra har psykiske vanskar, seier Solveig Storbækken.

Ho er regional koordinator for tidleg intervensjon i kompetansesenter rus Region Vest, og fortel at dei ikkje har grunn til å tru at tala for Sogn og Fjordane er annleis.

– Då er det eitt til to born i kvar skuleklasse som har ein familiesituasjon som ikkje er tilfredsstillande, seier ho.

Familiesituasjonen er avgjerande for korleis born klarar seg på skulen, og i kor stor grad det barnet klarar å knyte seg til vener, seier Storbækken. Men like alvorleg, problema går i arv.

– Trygge born vert trygge vaksne som får trygge born. Lever du i ein situasjon der du ikkje får god nok omsorg vil du mest sannsynleg streve når du sjølv skal bli forelder.

(Artikkelen held fram under biletet)

Solveig Storbækken, Ole John Østenstad og Lillian Vassbotten

PÅ MØTET I DAG: Solveig Storbækken, Ole John Østenstad og Lillian Vassbotten.

Foto: Eli Eiksnæs Vengen / NRK

– Arbeidet på tvers er avgjerande

30 prosent av kommunane i Sogn og Fjordane er med i prosjektet "Tidleg inn", som handlar om å fange opp foreldre og barn så tidleg som mogleg gjennom NAV, barnevern, helsestasjon og alle andre som har med denne gruppa å gjere.

Ein av dei er Førde, som i årevis har satsa målretta for å hindre omsorgssvikt.

– Problemstillinga høyrer til på fleire område, ikkje hjå ein skule, barnehage eller helsestasjon. Arbeidet på tvers av desse sektorane er difor heilt avgjerande, seier rådmann i Førde kommune, Ole John Østenstad

Han skulle gjerne sett at fleire enn 30 prosent var med, men seier han forstår at det kan vere vanskeleg å få til slike tilbod i små kommunar. 30 prosent er ikkje nok, meiner statsråden.

– Nei, me skulle hatt det mykje høgare, men det er i alle fall ein start. Eg trur denne måten å jobbe på gjer at framtida vil sjå mykje lysare ut. Me vil avdekke meir og hjelpe fleire born, seier Solveig Horne.

Har avverja omsorgssvikt

Helsesøster Linda Vassbotten er leiar av «modellkommuneprosjektet» i Førde, som er ein av 26 kommunar i landet som er med.

Lillian Vassbotten

LILLIAN VASSBOTTEN: Prosjektleiar i modellkommuneprosjektet.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

– Målet er å finne borna til psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre, og born som vert utsette for vald, og vi skal finne dei tidlegare enn før. Vi skal sette inn tiltak, og samarbeide betre, for at borna skal få best moglege oppvekstvilkår.

Ho meiner Førde kommune har avverja omsorgssvikt på grunn av arbeidet.

– Det er eg ganske sikker på. Vi har hatt så mange samtalar med familiar som strevar, der vi ser at ting har ordna seg. Fokuset på helsestasjonen og andre faggrupper, som alle barnehagane, kjem mange born og familiar til gode.

Vald er vanskeleg

Førde kommune, som mange andre kommunar, er gode på psykisk sjukdom og rus. Men vald er eit spesielt vanskeleg tema. Framover skal Førde har eigne prosjekt og satsingar på valdsproblematikk.

Det er spesielt kommunikasjonen med foreldra som gjer vald vanskeleg, seier Vassbotten, som legg stor vekt på å seie frå.

– Vi som er fagpersonar har eit ansvar for å seie frå. Ser vi born som syner mistrivsel eller stress, eller veit vi om risikofaktorar i oppvekstmiljø, pliktar vi å gjere alt vi kan for å avverje at born skal vakse opp under slike forhold.

Barneminister Horne ser og at temaet vald er ekstra problematisk.

– Det er eit vanskeleg tema, eit tabu-tema. Men me har ikkje råd til å la vere å spørje. Det er mange born som treng at me bryr oss. Då må me spørje. At det er vanskeleg må eg ta med meg tilbake til regjeringa, seier ho.

Vil ikkje øyremerke pengar

Ministeren som var på besøk i dag seier kompetanse er den største mangelen i kampen mot omsorgssvikt.

– Me ser at veldig mange av dei som jobbar med born til dagleg ikkje har hatt kompetanse om kva dei skal sjå etter og kva dei skal gjere for å hjelpe, seier Horne.

Ho seier regjeringa har styrka satsinga på helsestasjonar og tidleg innsats.

– Helsestasjonane og skulehelsetenesta har fått auka løyvingar på 180 millionar i 2014, og det kjem 200 friske millionar til neste år. Samstundes har me ei historisk satsing på familievern.

Folk som heldt innlegg på konferansen bad om meir pengar, og meinte dei burde vere øyremerka til helsestasjonane. Det vil ikkje ministeren gjere.

– Det er fordi kommunane skal ha ein sjølvråderett over pengane. Regjeringa har sagt tydleg frå at pengane som kjem til styrking av helsestasjonane må brukast på det. Det er riktig bruk av pengane for å kome inn tidleg.

– Ville det ikkje vore enklare for deg som minister å seie at pengane skal gå til helsestasjon?

– Me har øyremerka pengar til barnevernet. Eg har tru på at lokalpolitikarane klarar å gjere dette valet, seier Horne.