Hopp til innhold

19 av 1500 reinsdyr er skotne i Nordfjella

HEMSEDALSFJELLET (NRK): 19 reinsdyr blei skotne på den første dagen med statleg jakt på Hemsedalsfjellet. No blir det ein kamp mot tida for å klare å ta ut 1500 dyr før våren.

reinsjakt på Hemsedalsfjellet

DEI FIRE FØRSTE: Her er dei fire første av totalt 19 villrein, som blei skotne tysdag. Dei kom ned med helikopter og blei frakta med traktor til eit telt for å bli undersøkt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi har brukt ein god del tid på å gjere oss kjent i terrenget i dag, så eg tykkjer 19 dyr er bra til å vere den første dagen, seier fellingsleiar Knut Nylend.

30 jegerar skal dei neste månadane gå i turnus for å jakte og ta livet av heile reinsdyrstammen som held til i Nordfjella. Det har vore skrantesjuke i denne stammen, og frykta er at sjukdommen skal spreie seg til hjort eller andre dyr.

– Det ville ha vore ein tragedie, seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn.

Skrantesjuka drep alle dyra som får ho, og sjukdommen kan spreie seg lett frå dyr til dyr. Difor blei det bestemt at ikkje eit einaste dyr i den smitta stammen skulle overleve.

Rein skotne av jegarar på Hemsedalsfjellet

HAMNAR I SØPPELET: Alle dyra som ikkje får påvist skrantesjuka, blir hivne i søppelet. Dei som har sjukdomen, blir sende vidare for nærare undersøkingar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Skal drepe kvart tiande reinsdyr

Om jaktlaget når målet sitt innan 1. mai, vil kvar tiande villrein i Noreg ha blitt skoten i løpet av vinteren. Og dyra går rett i søppelet etter at dei vert undersøkte.

– Det strider mot alt ein jeger står for, å skyte alle desse dyra utan at det skal gå til mat, seier Petter Braaten, som leiar heile operasjonen for Statens naturoppsyn.

Petter Braaten

SPENT: Petter Braaten i Statens naturoppsyn var spent før dei første reinsdyra kom inn med helikopter. Han fortel at det ikkje er eit særleg lysteleg oppdrag han er med på. Her dirigerer han helikopteret som kjem med skotne reinsdyr.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fleire har protestert mot planane om å slakte heile stammen, og i førre veke fortalde miljøaktivist Kurt Oddekalv at han planlegg å aksjonere mot jegerane.

Braaten og jegerane er likevel ikkje i tvil om at dei gjer det riktige.

– Vi hadde ikkje vore her om vi ikkje meinte det var riktig. Då hadde vi ikkje klart å finne motivasjonen til ei slik oppgåve, som på mange måtar er ei trist oppgåve, seier Braaten.

Reinsdyr skoten

BRUTALT: Petter Braaten i Statens naturoppsyn seier at synet av masseslakt på kvit snø kjem til å bli brutalt for mange.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Brukar helikopter og snøscooter

I dag har ti av jegerane vore på jobb. Dei flyr i helikopter mot ein flokk som dei har funne ved hjelp av GPS. Så lister dei seg inn mot dyra til dei er så nære at dei kan skyte. Det er viktig at reinsdyra ikkje begynner å knyte lyden av helikopteret saman med eit angrep.

Det finst ingen garantiar om at målet om 1500 skotne dyr innan fristen vert nådd, men jegerane sjølve trur dei kjem til å verte meir og meir effektive.

– Etter kvart som vi blir meir kjende i terrenget og ser kvar flokkane går, vil vi nok ta endå fleire dyr på gode dagar, seier Knut Nylend.