19-åring straffa for 193 km/t

19-åringen skulle teste ut kjærasten sin Audi gjennom Lærdalstunnelen. No må han i fengsel.

Lærdalstunnelen

19-åringen var nokolunde klar over kor fort det gjekk då fotoboksen blinka i Lærdalstunnelen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Den hasardiøse køyreturen fann stad ein fredagksveld i januar i år. Berre få dagar etter at ein annan bilist vart stogga og fråteken førarkortet etter å ha køyrt i 168 km/t i 80-sona i den same tunnelen .

193 km/t

Med kjærasten som passasjer, vart mannen, frå bergensområdet, fotografert av fotoboksane i ein fart av 193 km/t i 80-sona. Då var tryggleiksmarginen på seks kilometer trekt frå.

- Det er enkelt og greitt livsfarleg å køyre i slik fart. Ein utset både seg sjølv og andre for fare. Slik fart har eit utruleg stort farepotensiale og skal reagerast strengt mot, seier politiadvokat Tor Teige.

Fengsel i 60 dagar

Nordhordland tingrett var av same formeining, sjølv om køyringa ikkje medførde farlege situasjonar utover den fare køyring i så høg fart i seg sjølv representerer.

Mannen forklarte at han ikkje såg på speedometeret, men at han hadde ein aning om kor fort det gjekk då det blinka i fotoboksen. Han la til at farten ikkje var like høg gjennom heile tunnelen.

Den unge bilføraren hadde ingen kommentar til verken farten han vart målt til, eller politiadvokat Teige sin påstand om fengsel i 60 dagar, og tre og eit halvt år utan førarkort. Tingretten tok påstanden til følgje. 19-åringen må avlegge ny førarprøve før han får att førarkortet.