Politiet har lenge vore kjent med at husværet i Stryn sentrum har vore brukt av ungdommar som rusar seg. Og det var i halvsju-tida onsdag kveld at det fatale skjedde.
Inneheld butan
Foto: NRK
Lightergass kan gje kortvarig rus, men er svært farleg å sniffe. Det kan gje alvorlege hjerneskader, eller i verste fall ende som i Stryn sentrum - med dødsfall.
Ungdommen har sniffa gassen rett i munnen. Gassen inneheld butan, og det har gjort at sjølv om ambulansepersonell og anestesilege var raskt på plass, stod ikkje livet til å redde, seier lensmannen.
Fleire har prøvd lightergass
Ambulansepersonell prøvde gjenoppliving i to timar før dei gav opp. No åtvarar Moa ungdommen på det sterkaste, for å hindre fleire slike tragediar. I ei rusmiddelundersøking som er gjennomført i Stryn kommune viser det seg at fleire ungdommar har prøvd lightergass.