NRK Meny
Normal

19-åring bryt stadig nye barrierar

LILLEHAMMER (NRK): Satsinga hans kan ta pusten frå dei fleste. Men Åge Solheim (19) er i ferd med å få betalt for innsatsen i skibakken.

Åge Solheim på trening før sesongen

SATSAR KNALLHARDT: Åge Solheim satsar det remmer og tøy kan halde på å nå toppen i alpint. Han er truleg første herreløpar frå Sogn og Fjordane på europacuplaget sidan 1985.

Foto: Privat

– Eg driv med det eg synest er kjekkast. Hadde det ikkje vore slik, kunne eg like gjerne ha lagt opp. Men så lenge det er kjekt, så gjer eg det eg kan for å få det til, seier Åge Solheim.

19-åringen har akkurat komme heim frå nok ei treningssamling på snø. Den utflytte nordfjordingen bur på Lillehammer, der han studerer økonomi og satsar på alpint.

– Det blir mange reisedøgn i året. Vi reiser jo heile tida Europa rundt på jakt etter den beste snøen. Året rundt, seier Solheim.

Trenar 20 timar i veka – i tillegg til studia

Nyleg vart det klart at Haugen-løparen skal representere Norge i europacuprenna på Hemsedal i starten av desember. Han er truleg Sogn og Fjordane sin første herrealpinist på dette nivået sidan 1985.

– Det blir stas, sjølv om eg ikkje har poeng i europacupen og derfor må starte langt bak. Men det er kjempekjekt å få prøve seg, seier Solheim.

Han trenar opp mot 20 timar i veka. I tillegg studerer han på heiltid. For Solheim er noko så sjeldan som ein herrealpinist frå Sogn og Fjordane som satsar for fullt på idretten sin – også etter at han er ferdig med vidaregåande skule.

Åge Solheim er den første herreløparen frå Sogn og Fjordane på europacuplaget i alpint på svært lang tid. Her er nordfjordingen på samling sommaren 2015.

HERLEG: Sjå Åge Solheim trene i knallforhold fram mot den kommande sesongen.

– Presterer så bra at laga ikkje kan utelate han

Og: Det er ikkje ofte alpinistar frå Sogn og Fjordane hevdar seg heilt i norgestoppen.

Men det gjer Åge Solheim. For snart to år sidan tok han NM-gull i Super-G for juniorar. I fjor vann han sine første FIS-renn. Han avslutta sesongen med ein knallsterk sjetteplass i senior-NM i slalåm.

– No er han i eit miljø der han kan utvikle seg og komme i europacup- og verdscupdiskusjonen, meiner krinslagstrenar og tidlegare toppalpinist Even Hole.

– Kor trongt er nålauget vidare?

– Det er så trongt at det nesten ikkje er råd å forstå det. Men Åge har ein heil del gode kvalifikasjonar, og han har det som skal til for å nå det han sjølv ønskjer, seier Hole og legg til:

– Han er sterk, smart og uthaldande, og han har koordinasjon og god bevegelse. Åge er smålåten, men presterer så bra at dei sentrale laga ikkje kan utelate han.

Åge Solheim pakkar ut av bagen etter nok ei reise

REISER MYKJE: Åge Solheim pakkar ut i leilegheita sin på Lillehammer etter nok ein tur til treningssamling på snø. Han reiser Europa rundt for å finne den beste snøen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har tru på seg sjølv – og går sine eigne vegar

Og satsinga kostar. Ifølgje Solheim sjølv opp mot 200.000 kroner i året. Pengane må mamma og pappa for ein stor del spytte inn. Noko får han inn på stipend og i støtte.

Men det må til for den som vil bli verkeleg god.

– Eg satsar hundre prosent på å bli best i verda. Då må ein tore å satse og reise utanfor Vestlandet. Du må gå dine eigne vegar og tru på det du gjer, seier 19-åringen.

Åge Solheim trenar slalåm under ei samling sommaren 2015. Han er det største talentet på herresida i Sogn og Fjordane på svært lang tid.

FAVORITT: Åge Solheim vart nummer seks i slalåm under senior-NM sist vinter. Her trenar han i favorittdisiplinen på treningssamling.

Vegopning på Bergum i Førde kommune