Hopp til innhold

185 000 i bot for Buefjord-skipper

Retten har bøtelagt Buefjord for å ha forsøkte å smugle 75 tonn makrell.

Ringnotbåten Buefjord

Frode Kjempenes godtek bota for å få saka raskt ut av verda.

Foto: Anne Britt Fedøy

Ringnotbåten "Buefjord" har sidan måndag lege i arrest i Lerwick i Skottland.

Etter ein runde i retten i Lerwick fekk skipper Frode Kjempenes frå Buelandet i Sunnfjord eit bot på heile 185 000 kroner.

Retten meiner Buefjord forsøkte å smugle 75 tonn makrell ut av EU-sona.

Trass i Kjempenes godtok bota og no er på veg tilbake til norske farvatn avviser han smuglingsforsøket.

– Eg godtok bota som ein hestehandel for å få saka opp og avgjort raskast mogleg, seier Kjempenes.

Advokat for skipparen, Richard Bjerk seier på vegne av sin klient at han er usamd i skuldingane om fiskesmugling.

Tok i mot fangst frå annan båt

– Det reiarlaget innrømmer er at dei har teke imot fangsten til ein annan norsk båt, seier Bjerk.

– Så gjorde ikkje Buefjord det dei skulle, nemleg å melde i frå om at deler av fangsten om bord var overpumpa frå ein annan båt, forklarar advokaten.

Årsaka er, i følgje reiarlaget, at det er vanskelegare å få selt fisk som er pumpa frå ein båt til ein annan.

– Dermed underslo Buefjord desse opplysingane med den hensikt å selje makrellen som eigen fangst, seier Bjerk.

Som understrekar at han enno ikkje har fått lese rettsdokumenta frå Lerwick i Skottland.

Ville bli ferdig med saken

Heile fangsten blei selt til fabrikken Shetland Catch i Lerwick, med ein urapportert fangst på 70,8 tonn tilsvarande 555.000 kroner i verdi, skriv fiskarbladet Fiskaren.

Bjerk stadfestar at skipperen godtok bota for å bli ferdig med saken.

- Kvar dag båten ligg i arrest tapar dei pengar. Dei ønskte å bli ferdig med saken og kome seg i fiske igjen, seier han.

På veg heim att

No er Buefjord eit par mil frå norskekysten, opplyser Kjempenes, som ser fram til å ta fatt på fisket igjen.

– Å ligge i arrest er alt anna enn trivelig når ein eigentleg skulle vore ute og fiska, seier Kjempenes.