NRK Meny
Normal

Fersk bilførar stogga i 150 km/t i 80-sone

Den sivile politipatruljen la seg på hjul då den unge føraren susa forbi på riksveg 15 i Nordfjord. Snittmålinga viste ei fart på 150 km/t.

– Dette er ei alvorleg fartsoverskriding der føraren utset seg sjølv og andre for stor fare, seier Jan Tore Sunde ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Det var Fjordingen som først omtalte saka.

Sunde fortel at det var ei politipatrulje i ein sivilbil som tilfeldigvis såg bilen på riksvegen mellom Nordfjordeid og utover fjorden mot Stårheim. Patruljen la seg på hjul og gjorde ei snittmåling av farta på ei strekning over nokre få kilometer.

Ifølgje Sunde har ei slik snittmåling ein sikkerheitsmargin både når målinga blir starta og når den sluttar. Likevel viste målinga av den unge mannen altså ei fart på 150 km/t i 80-sona.

Mannen hadde berre hatt førarkort i fire-fem månader, og hadde med seg ein passasjer då han vart stoppa like før klokka 21 i går kveld. Politiet tok beslag i førarkortet på staden, noko 18-åringen samtykka til.

– Føraren hadde førarkortet på prøvetid. Når han no misser førarkortet må han ta full førarprøve, så han kjem til å vere utan førarkort i ein lengre periode. Han kjem til å få bot og kan vente seg ein ytterlegare reaksjon frå påtalemakta, seier Sunde.

Sunde seier strekninga der råkøyringa skjedde er både svingete og kupert. Det er også andre trafikantar som ferdast langs vegen.

– Dette er ein del av det førebyggande arbeidet vårt, der vi har sivile bilar ute langs vegane til alle tider av døgnet, seier Sunde.