Hopp til innhold

18 år gamal kvinne til sjukehus etter trafikkulukke på E39

Ei 18 år gamal kvinne har vore involverte i ei trafikkulukke på E39 i Gloppen, og ho er no frakta til Førde sentralsjukehus.

Anda, Gloppen

Bilen låg på sida, og føraren var ute av bilen då ein sjukebil kom fram til ulukkesstaden.

– Ambulanse var framme rundt klokka 1540, og melder at føraren av bilen tilsynelatande berre er lettare skadd, seier Lars Geitle ved politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Ambulansen har også gitt beskjed om at det er veldig glatt på vegen.

– Det er om lag ein kilometer ifrå ferjekaia på Anda, og helsepersonale har no teke ein rask sjekk av sjåføren, seier Geitle.

Etter ei tid vart det bestemt at kvinnen skulle verte frakta til Førde sentralsjukehus, for nærare helsesjekk.

Bilbergar skal vere på veg til staden for å rydde opp, men allereie no skal det vere mogleg å passere for andre bilar.