Det melder avisa Firda. Vidar Sandøy seier han er avhengig av telefon, men at det i fyrste rekkje handlar om tryggleik.
- Når ein har små ungar, er det ikkje muleg å bu ein stad utan fasttelefon. Vi treng kontakt med omverda, elles går det ikkje å busetje seg i Guddal.
Rådyr fasttelefon
Hit vil familien flytte. Foto©NRK
Saman med familien sin ynskjer han å flytte til Guddalen, der kona er i frå og alt har arbeid. Men skal dei få lagt inn telefonlinje må dei ut med 177 000 kroner. Sidan dei bur 900 meter frå næraste telefonlinje, vil ikkje Telenor betale for denne tilkoplinga. No er familien rysta over det manglande tilbodet frå Telenor.
- Eg er forferda. Sjokkert, seier Vidar Sandøy. Vi hadde jo rekna med å få installert vanleg fasttelefon rimeleg billeg.
Telefon heilt naudsynt
For utan fasttelefon er det vanskeleg for familien å flytte til Guddal. Som sjølvstendig næringsdrivande, slik Sandøy er, er det nærast umuleg å jobbe utan Internett og telefondekning. - Det er jo ikkje særleg gunstig med sjølvstendig drift om kundar og forretningskontaktar ikkje kan få tak i meg, påpeikar han.
Veltar flytteplanar
Sidan kona Vibeke Mandelid er frå Guddal, og har eit nært forhold til staden, tykkjer dei det er trist for familien om dei kanskje ikkje kan flytte dit likevel. Alt på grunn av ei manglande telefonline.
Uaktuelt å punge ut
Vidar Sandøy er ikkje sikker på kva dei skal ta tak i fyrst. Familien har vore i kontakt med kommunen, og håpar på hjelp frå den kanten. Det veit dei enno ikkje noko om.
- Men betale sjølve, det er vi ikkje villige til, understrekar han.
Finns billigare alternativ
Telenor seier det finst alternativ som kan å gje familien billegare fasttelefon. Informasjonssjef i Telenor, Lars Hauge, seier det er villige å vurdere ulike løysingar for å hjelpe familien.