Det var rett før jul i fjor den eine fotoboksen i Lærdalstunnelen registrerte ein bil i 175 kilometer i timen på veg austover. Men politiet hadde problem med å tyde kjennemerket på bilen.
Eksperiment
Då gjorde folk i Statens Vegvesen eit lite eksperiment. Dei dekka til eit nummerskilt med teip og tok bilet av det. Då fekk dei same effekten. Og ved å justere lysstyrken på biletet, greidde dei til slutt å finne fram til rett nummer.
Det viste seg då at den kvinnelege bileigaren hadde lånt bort bilen til sambuaren sin då råkøyringa skjedde, og ho identifiserte han som førar av bilen på biletet frå fotoboksen.
Nekta
Sambuaren påstod at det ikkje var han, men ein kamerat som hadde køyrt bilen gjennom Lærdalstunnelen, og at han ikkje hadde gjort noko sjølv for å dekke til kjennemerka på bilen. Men Indre Sogn tingrett trudde ikkje på forklaringa hans.
Det enda med 45 dagar i fengsel og tap av førarkortet i to år og ni månader.