173 sjuke hundar sidan august

Minst 173 hundar har blitt sjuke med varierande alvorsgrad av blodig diaré sidan august, opplyser Mattilsynet i ei pressemelding. I Sogn og Fjordane har det vore to tilfelle av sjukdomen, som er oppdaga i alle fylka i landet. Seks nye hundar har blitt sjuke sidan tysdag.