Hopp til innhold

170 tungbilar fekk køyreforbod i storkontroll

Nær tusen tunge køyretøy vart kontrollerte i storkontrollen på Vestlandet. 32 førarar er melde til politiet.

Dekk på lastebil som ble stoppet på Brimnes

STOGGA: Ein rumenskregistrert bil vart stogga med heilt nedslitne vinterdekk under kontrollen på Brimnes.

Foto: Statens Vegvesen

– To av dei er mistenkte for å køyre med falske førarkort. Det eine tilfellet er stadfesta, og det andre ser vi nærare på, seier Tormod Gausdal i Statens vegvesen som har leia storkontrollen.

Tormod Gausdal har stogga mange vogntogsjåførar som ikkje klarer å halde seg til regelverket.

KONTROLL: Tormod Gausdal er glad for at dei nye krava om vinterdekk for tungtransport har fått fleire til å sko seg etter forholda.

Foto: Borgar Sagbakken

I tre døgn undersøkte kontrollørane lastebilar og vogntog på fem stader på Vestlandet.

– Vi veit det er ein del som køyrer rundt med falske førarkort og det er skremmande. Dei har ikkje nødvendig kompetanse for å køyre så store køyretøy. Vi har hatt mistanke om at det er slik og hatt fokus på det, fortel Gausdal.

Den eine sjåføren vart stogga på Seljestad og sit no i varetekt hjå politiet og ventar på å bli vist ut frå landet. Han har også fått 6000 kroner i førelegg. Den andre saka er framleis ikkje ferdig etterforska, og politiet i Sogn etterforskar saka etter at føraren vart stogga på Håbakken i Lærdal.

For å få bukt med problemet har vegvesenet sett seg grundigare inn i ulike land sine tryggingsreglar, og det har gjeve resultat. Så langt i år har kontrollørane stogga fem-seks sjåførar med falske sertifikat.

Lastar farleg gods feil

Den vanlegaste feilen eller mangelen gjaldt transport av farleg gods. Der var det manglar på 10 prosent av dei kontrollert. Han er likevel generelt nøgd med at det vart avdekka få grove tekniske feil.

– Det verste var vel han som ville køyre over Hardangervidda med blanke dekk, de er direkte farleg. Det var også ein tilhengar utan fungerande ABS-bremser, og noko som gjekk på lastesikring.

70 prosent av dei kontrollerte køyretøya var utan feil og manglar. Sjåførane ser også ut til å ha teke inn over seg formaningane om å vere riktig skodd med vinterdekk og kjetting.

– Vi er komne fram til at kontrollen var ein suksess. Vi jobba godt saman og ser at vi jobbar likt med kontrollarbeidet i heile landet, seier Gausdal.