Hopp til innhold

– Det er viktig for oss med ei feiring no

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim ser fram til feiringa av nasjonaldagen. Han seier at lærdølane både treng ei feiring og har grunn til å feire.

Jan Geir Solheim

KLAR: Ordførar Jan Geir Solheim seier lærdølane har grunn til å feire. Sjølv markerer han med å skyte 17. mai-salutten, med sjølvinnkjøpt kanon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er den mest spesielle 17. mai-feiringa eg har opplevd nokon gong. Eg trur mange tenker på det i morgon, at ingen tek det som ei sjølvfølgje. Det trur eg er rett å seie, seier Solheim.

– Vi har stor grunn til å feire, for vi vann faktisk ein stor kamp i vinter.

– Alt i alt, var det ein form for lykkeleg slutt for Lærdal?

– Ja, det må eg sei. Etter å ha fått det på avstand er det mange som har det vondt og har tapt mykje. Men at ingen liv gjekk tapt og ingen vart hardt skada, var eit under. Det gjer at vi kan gle oss til dagar som 17. mai, seier ordføraren.

– Viktig for oss å feire no

– Eg gler meg enormt. Det er viktig for oss å feire litt no. No har vi moglegheit til å kose oss, og gje borna i Lærdal ein kjempeflott dag, held han fram.

Lærdalsøyri er pynta i høve nasjonaldagen. Plenane er nyslåtte og det er reint og fint overalt.

– Vi har pynta i år, og det har ikkje vore ei sjølvfølge. Etter katastrofen i vinter er eg veldig glad det ser så flott ut i Lærdal, seier han.

Dei fleste ruinane etter brannen er jamna med jorda, og dei fysiske spora etter brannen har byrja å forsvinne litt etter litt. Det er viktig for ordføraren.

– Det var veldig viktig å få rydda opp, slik at det ikkje låg brannruinar i sentrumet vårt. Det er framleis ei tomt som ikkje er rydda, men eg tykkjer det er godt å sjå at vi går framover, seier Solheim.

Ordføraren skyt salutt med eiga kanon

Kåre Hovland og Jan Geir Solheim

BERRE NESTEN: Ordførar Jan Geir Solheim ser på uniforma til Lærdalskompaniet. Han må vente ei stund på uniforma han har bestilt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Og ordføraren har gått til nokre spesielle innkjøp til den store dagen.

– Eg har nokre kameratar som er opptekne av historie. Dei tipsa meg om ein butikk som selde kanoner.

– Kanoner til sals?

– Ja, det var ganske utenkeleg for meg også, men det er sant. Det er 1700-tals-kanoner, men desse er frå 1820. Det var ein lang bodrunde, men eg vann til slutt. Eg fekk far min til å hente dei, og han har pussa dei opp.

Ordføraren skal personleg skyte salutten på morgonen 17. mai.

– Dette er saluttkanoner. Dei smell godt, seier han.

Ordføraren fortel at han har bestilt seg ein kapteinsuniform, som diverre ikkje kom til 17. mai. No står kampen for å få uniforma klar til Lærdalsmarknaden.

– Når vi kjem frå Lærdal med den historia vi har, så må vi kunne kle oss skikkeleg. Eg har bestilt ein «full mundur». Det er ei kvit uniform, slik som Lærdalskompaniet hadde, med støvlar, hatt og sabel, seier Solheim.

Lærdalskompaniet

Kåre Hovland og Jan Geir Solheim

HATTEN: Høyr lokalhistorikar Kåre Hovland fortelje historia om det spesielle militærkompaniet lenger nede.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I år er nasjonaldagen også ei feiring av at grunnlova feirar 200 år. Og Lærdal hadde ein nøkkelposisjon i det dramatiske året 1814.

Det Lærdalske Kompani, som var ei spesiell militær eining, hadde sitt opphav i Lærdal.

– Dei hadde ei viktig oppgåve i 1814, og det var å vakte grunnlovsmennene og den prosessen som gjekk føre seg på Eidsvoll, seier lokalhistorikar Kåre Hovland.

Lærdalskompaniet var berykta.

– Svenskane skreiv faktisk rapportar om desse mennene som kom "gaulande" ut av skogen med merkeleg dialekt. Sognemålet gjorde at dei vart tekne for franske hjelpetroppar, seier Hovland.

Kompaniet hadde også ei spesiell forhistorie.

Høyr heile historia om det enkelte militærhistorikarar har kalla den mest berømte militæravdelinga i Noregshistoria:

Lokalhistorikar Kåre Hovland fortel historia om Lærdalskompaniet.

Reporter: Erlend Blaalid Oldeide