Hopp til innhold

17 av 23 kilometer på ski i august

NVE åtvarar om meir snø i fjellet enn på over 50 år mange stader. Asgeir Årdal og Andre Haugsbø fekk kjenne den uvanlege sommaren på kroppen på turen til Blegja i dag.

Blegja

SNØRIKT: Turen til Andre Haugsbø og Asgeir Årdal vart stort sett unnagjort med ski på beina.

Foto: Asgeir Årdal

– Eg har gått på ski der i 20 år, og har aldri opplevd snø i august, seier Haugsbø.

– Det var utruleg mykje snø der. Vi gjekk Storehesten Opp-løypa til det vart så mykje snø at vi spente skia på beina. GPS-en viste at vi gjekk 17 av 23 kilometer på ski, seier Årdal.

Ifølgje ut.no er Blegja, med sine 1305 meter, den høgste toppen i ytre Sunnfjord. Turen opp kan takast frå Askvoll, men dei to kompisane gjekk frå Bygstad og fekk ei uvanleg vinterleg oppleving for denne årstida så langt ut mot kysten.

– Eg har ikkje gått her veldig mange gonger, men eg vil ikkje tru dette har skjedd i mi tid. Sauene går og leitar etter noko å ete. Det er nok ikkje kvart år dei ser folk på ski på denne tida, ler Årdal.

1,7 meter tjukk is på vatn

– Du kan trygt seie at dette er ein veldig uvanleg og spesielt sommar. Eg har vore i jobben i snart 10 år og har ikkje vore borti liknande. Vi er nok mange som kjem til å hugse denne sommaren, seier Ingeborg Kleivane Krøgli hjå flaumvarslinga til NVE.

Blegja

17 av 23: Store delar av turen til Andre Haugsbø og Asgeir Årdal gjekk på snø.

Foto: Asgeir Årdal

I dag gjekk NVE ut med ein rapport som seier at dette er den mest snørike august månad sidan 1958 mange stader i landet. Og i dei vestlege fjellområda vil det ofte vere vel så mykje snø som barmark når ein kjem over 900–1100 meter over havet.

Som eit døme skriv NVE at det er målt 1,7 meter tjukk is på eit fjellvatn på 1200 meter i Jostedalen, og at det kan vere vanskeleg å sjå dei raudmerka T`ane i dei vestlege fjellområda i Sør-Norge.

Ikkje berre moro for skientusiastar

Skientusiastar har fått ein uvanleg lang sesong. Men med dei uvanleg store snømengdene i fjellet, følgjer også moglege problem. NRK har allereie fortalt om dårlege besøkstal ved turisthyttene i dei vestlege fjellområda.

På varsom.no, varslingstenesta til NVE, er det ikkje meldt om flaumfare akkurat no, men Kleivane Krøgli åtvarar om at den spesielle sommaren kan gje fare for flaum på sikt.

– På Vestlandet kan du få flaum på grunn av smelting frå breane, men no har du mykje meir snø enn vanleg i tillegg. Det gjer at faren for stor snøsmelteflaum kan auke når det blir varmt, seier ho.

Og ho ber turgåarar vere observante, spesielt når temperaturen aukar: All snøen gjer at vasstanden kan stige mykje frå morgon til ettermiddag.