Hopp til innhold

Halvparten av 17-åringane blir køyrde til skulen – forskar fryktar usunn ungdom

Halvparten av 17-åringane her i fylket blir køyrde til skulen. Nokre tek skulebuss, men mange blir også frakta til skulen av foreldra.

Overvekt

SIT FOR MYKJE I RO: 51 prosent av elevane i 2. klasse på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har slutta å gå når dei skal til skulen. Forskar fryktar at kvardagsaktiviteten forsvinn. Illustrasjonsfoto

Foto: Colourbox

John Roger Andersen

UROA: John Roger Andersen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fryktar usunn ungdom.

Foto: Arne Stubhuag / NRK

1. amanuensis John Roger Andersen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner tala er oppsiktsvekkande og fryktar usunn ungdom.

– Eg tykkjer dette talet er altfor høgt. Vi veit at dei som syklar til og frå skulen, får betydeleg meir naturleg fysisk aktivitet, seier han.

Noko er i ferd med å endre seg i Sogn og Fjordane, som tradisjonelt har skåra best på helse i landet. 51 prosent av elevane i 2. klasse på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har slutta å gå når dei skal til skulen.

Mange sit for lenge

Tal frå sesjon har tidlegare vist at ungdomen er tyngst i landet, saman med Nordland. Mykje tyder på at livet på bygda ikkje er så sunt som før. Oslo har den suverent slankaste ungdomen i Norge.

– Vi trur at kvardagsaktiviteten har gått dramatisk ned blant ungdom siste åra. Sjølv om mange seier dei trenar aktivt, har den daglege aktiviteten som å gå eller sykle til og frå skulen, søkk. Det er stadig fleire som sit lenge, når dei til dømes spelar data. Den samla energibruken blant ungdom har gått betydeleg ned.

Nokre av elevane som blir køyrde til skulen har krav på skulebuss, men svært mange blir også køyrde av foreldra. Sjølv dei som bur nær skulen. Fråværet av fysisk aktivitet i kvardagen er alarmerande, meiner Andersen.

– Det er eit problem at mange som bur i gangavstand, blir køyrt til skulen.

– For vått ver og lang veg til å sykle

Åsmund Hordvik

FORSTÅR ELEVANE: Elevrådsleiar Åsmund Hordvik ved Flora vidaregåande skule meiner mange har har lang veg å sykle.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Alice Beate Holm

IKKJE UROA: Leiar Alice Beate Holm i Ungdomspolitisk utval seier elevar sit på med foreldre som likevel skal same vegen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

25 prosent av ungdomen i undersøkinga har ein kroppsmasseindeks som tyder på overvekt eller alvorleg fedme. Størst er problemet blant dei mange som bur på hybel.

Men ungdomspolitikarane i Sogn og Fjordane avfeier at fleire burde gå eller sykle. Leiar Alice Beate Holm i Ungdomspolitisk utval og elevrådsleiar Åsmund Hordvik ved Flora vidaregåande skule meiner vått vestlandsvêr og store avstandar er ein dårleg kombinasjon.

– Vi må tenkje Distrikts-Norge. Det å skulle gå på skulen tidleg om morgonen og starte med ein fire kilometer lang sykkeltur i regn eller snø, er ikkje noko særleg, seier Åsmund Hordvik.

– Tek kanskje for lett på det

Alice Beate Holm meiner tala ikkje er så negative med tanke på at vi bur i distriktet med lange avstandar.

– Folk bur utanfor byane og dei tettbygde stroka. Dersom foreldra likevel skal køyre på jobb, er det ikkje unaturleg at dei droppar av ungane på skulen.

– Hadde ikkje folk hatt godt av gå slik vi gjorde før i tida?

– Jo, absolutt. Vi må kanskje innrømme at vi er litt late og tek litt lett på det. seier ho.

– Det er klart det er eit problem, men det er kanskje ikkje akkurat på skulevegen vi skal ta inn dette, seier Hordvik.

– Kanskje treng ikkje bussen køyre heilt fram?

Men John Roger Andersen meiner nettopp skulevegen er avgjerande viktig. Tal tyder på at fleire unge trenar enn før, og nesten ein tredjedel av jentene og 13 prosent av gutane opplyser at dei slankar seg. Men slike tiltak hjelp lite når ein elles har ein stillesitjande kvardag, meiner forskaren.

– Den jamne aktiviteten i kvardagen er viktig. Ei løsying er at skulebussane ikkje køyrer heilt fram, men at dei til dømes stoppar ein kilometer frå skulen slik at elevane må gå resten. Det kan høyrest ekstremt ut, men om ein ønskjer å få gjort noko med det, kan dette vere positivt, seier han.