Hopp til innhold

17-åring sakna i Årdal

Politiet ber om hjelp frå publikum for å finne 17-år gamle Charlotte Moene frå Årdal.

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Politiet har motteke kring 20 tips etter at dei tysdag morgon gjekk ut med etterlysning av den 17 år gamle Charlotte Moene frå Øvre Årdal. Observasjonane var gjort i går på ulike tider og stadar.

- Det gjeld observasjonar på ulike stadar i Årdal som vi har sjekka ut, men og ein del utanfor bygda som vert sjekka opp no, seier konstituert lensmann i Årdal, Helge Øvstetun.

Observasjon ved Tyinkrysset

Mellom anna har dei fått sjekka ut to jenter som dei etterlyste tysdag morgon. To uavhengige tips gjeld observasjonar av ei jente gjort ved Tyinkrysset i natt.

- Vi har ein polititenestemann på veg til Tyinkrysset for å sjekke ut observasjonar som er gjort der borte, stadfestar konstituert lensmann i Årdal, Helge Øvstetun. Han kan ikkje utelukke at jenta har reist ut av fylket. Politiet har prøvd å spore mobiltelefonen til jenta, men har så langt ikkje lukkast i det.

Knut A. Klingenberg og Helge Øvstetun frå lensmannskontoret, med Rune Blikken i Norsk Folkehjelp.
Foto: Porten.no / NRK

Tekstmelding

Politiet i Årdal får no hjelp av Vest Oppland politidistrikt i søket etter den 17 år gamle jenta. Øvstetun utelukkar ikkje at Kripos kan bli henta inn i løpet av dagen.

Ei rekkje media knyter forsvinningssaka til ei tekstmelding som den sakna skal ha sendt. Øvstetun vil ikkje kommentere innhaldet i meldinga, men seier at den ikkje spelar stor rolle for politiet.

- Vi har sakna melding på jenta og gjer den same jobben om den meldinga hadde vore sendt eller ikkje. Det er ei litt uforklarleg sak. Det er tale om ei frisk og oppegåande jente som er sakna i Øvre og det er utgangspunkte for arbeidet vi gjer, seier han.

Søkjer med tre hundar

17-åringen vart sist sett måndag 9. juli klokka 11. Klokka 15.30 melde føresette henne sakna og utover kvelden leita politi, beredskap frå Hydro og Norsk folkehjelp med hundar og mannskap. Leiteaksjonen vart starta opp att i 06-tida tysdag morgon. I løpet av dagen er store delar av Øvre Årdal og sidedalar grundig gjennomsøkt utan resultat.

- Vi har framleis folk ute i søk og har snakka med folk i det aktuelle område. Per no har vi ein hund ute og vi har fått inn to til som vi vil sette inn i søket, seier han.

70 deltek i leitinga

Kring 50 personar deltok tidlegare i dag i leiteaksjonen. I løpet av dagen har lokalbefolkninga støtta opp om arbeidet.

- Oppslutnaden blant friviljuge er veldig stor. Mange melder seg og vil vere med. Det set vi stor pris på. Vi var 50 tidlegare i dag. No kan vi sikkert plusse på ti tjue til som fortløpande kjem inn, kviler seg, får tildelt nye oppgåver og går ut att, seier Øvstetun.

Jenter sjekka ut

Øvstetun vil ikkje spekulere i kva som kan ha skjedd med jenta. Han seier at ingenting tilseier at jenta skal vere utsett for noko kriminelt.

- Status er at det er ei saknamelding. Politiet har utover dagen fått inn nokre tips, seier han.

Ynskjer tips

Politiet har i dag gått breidtt ut og etterlyst jenta både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Tips og observasjonar kan ein gje til Operasjonssentralen Sogn og Fjordane politidistrikt på telefon 57 75 88 00, eller næraste politi.

Lys goretex-jakke

Charlotte frå Øvre Årdal er 170 cm høg, har skulderlangt mørkeblondt hår med blonde striper. Då ho forsvann hadde ho på seg ei lys goretex-jakke med limefarga felt, dongeribukse som var lys/mørk og kvite sko.