Opptakten til den dramatiske biljakta var ei melding til politiet like før midnatt om at 17-åringen hadde køyrt ned eiy gjerde ved Lægreid Hotell i sentrum av Sogndal. Då politiet kom til staden var ungdommen og bilen vekk.
17-åringen stoppa ikkje for politet
100 km/t gjennom sentrum
Men etter kort tid kom politiet over ein mistenkeleg bil på ein parkeringsplass.
- Vi køyrde opp på sida av bilen, og då stakk han av garde nedover mot Sogndal Sentrum, i over 100 km i timen, fortel politibetjent Tarjei Furst Talle. Politiet valde ikkje å følgje etter bilen. - Det ville ikkje vore forsvarleg å forsette i så stor fart gjennom sentrum.
På felgen
I første omgang klarde altså 17-åringen å stikke seg unna politiet. Hadde han køyrt heim og parkert bilen kunne han kanskje unngått meir bråk. Men det gjorde han ikkje. Kort tid etter fekk politiet ei ny melding om villmannskøyringa til 17-åringen.
- Han køyrde rundt på Hafslo med eit punktert dekk, så gnistane fauk, fortel Furst Taule.
Skrapa opp politibil
Politiet sette opp ein sperrepost mellom Hafslo og Sogndal. Men 17-åringen stoppa ikkje der heller. Han køyrde skrapa opp fronten på politibilen, og fortsette vidare - på felgen. Saka vil få etterspel for den unge sjåføren.
- Han har kome seg unna vegkontroll to gongar, han har ikkje førarkort og han køyrde med promille. Klart dette er ei alvorleg sak, seier politibetjent Tarjei Furst Talle.