Hopp til innhold

Vann NM-Gull i Super G - kan vere første vinnar frå fylket sidan 1988

Sogn og Fjordane fekk i ettermiddag ein noregsmeister i Alpint. 17 år gamle Åge Solheim vann Super G-rennet i junior-NM.

Åge Solheim vann NM-gull i Super G

GULL: Åge Solheim (i midten) vann NM-Gull i Super-G for juniorar i dag.

Foto: Privat

– Eg vart veldig overraska då eg kom i mål og høyrde speakeren lese opp namnet mitt og førsteplass. Eg trudde ikkje eg hadde køyrt så bra, seier Åge Solheim.

Før han kunne sleppe jubelen laus måtte han vente til siste mann kom i mål.

– Eg var sjokka då eg kom i mål. Det var spennande å vente. Eg er veldig overraska og svært glad, sjølvsagt, seier han.

– Dette var langt over forventningane. Eg hadde ambisjonar om topp fem, seier gullguten.

Store ambisjonar

Ambisjonane for framtida er langt større.

– Eg vil verte best mogleg. Ein gang vil eg vinne OL og VM. Det er det som er draumen.

No vil han følgje med på Aksel Lund Svindal i OL. Svindal køyrer alle disiplinar, men meir sjeldan slålåm. Det er ein av Solheim sine beste.

– Det er slalåm og storslalåm som har vore mine beste disiplinar. Men eg køyrer alt.

Solheim ler vekk ei samanlikning med Lund Svindal.

Stort talent

Men Rune Espe som sit i alpinkomiteen i Sogn og Fjordane skikrins kan fortelje at Solheim er eit spesielt talent.

– Eg trur vi må tilbake 1988 for å finne sist noregsmeister i alpint frå fylket. Eg er ganske sikker på at vi må tilbake til Marianne Kjørstad som vann på heimebane på Haugen, seier Espe.

Solheim køyrer for Haugen IL. Der har gullvinnaren tidlegare vore trent av Espe.

– Det er utruleg kjekt å sjå at vi kan nå opp. Alle timane i den sure vinteren som vi ofte har betalar seg. I dag viste Åge at det er mogleg å lykkast. Det er fantastisk, og ein stor inspirasjon, seier Espe.