17-årig toppscorar skuldar på flaks

Med tre mål i siste seriekamp, klatra Christoffer Hafsås (17) til topps på toppscorarlista i årets 3. divisjon.

Christoffer Hafsås

TOPPSCORAR: Christoffer Hafsås avslutta sesongen med stil.

Foto: Stig Høynes

Eidspelaren noterte seg for 21 mål på 22 kampar i sin debutsesong i fylkes øvste divisjon.

- Eg har vore litt heldig av og til. Det skuldas vel knallhard innsats og litt lette mål inn imellom. Ballen har ofte landa der eg har stått, grunngjev 17-åringen om kvifor han vart årets toppscorar i 3. divisjon.

Avslutta med stil

Tittelen sikra han seg med hattrick i 3-0 sigeren over Sogndal 2 i årets siste seriekamp. Med det klatra han forbi ein av fjorårets to toppscorarar , Preben Strypet (Årdal), som berre fekk ei nettkjenning i målfesten med Tornado Måløy . At 17-åringen ikkje spelar på eit topplag gjer prestasjonen endå større. Eid vart nummer sju på tabellen.

- Det er berre artig det, gliser Hafsås.

- Ein målscorar

Trenar Geir Moldestad er mektig imponert over måltjuven som også 1. divisjonsklubben Løv-Ham har lagt merke til .

- Han er ein målscorar. Han scorar frå distanse, innanfor boksen, er god i lufta, bra med venstra og ok med høgra. Han har presisjon med avslutninga og kraft og har heile tida vilje til å komme først på ballen i høve til å tenke mål, skildrar Eid-trenaren.

Kan nå langt

Moldestad meiner det skal vere nok av utfordringar for 17-åringen i klubben han allereie skal vere i nokre år til. Trenaren trur Hafsås kan nå langt med rett innstilling.

- Han er i ein alder med gode føresetnadar for å utvikle seg endå meir dersom han held fram med å jobbe mykje og trene hardt. Då kan han komme seg eitt nivå, eller to eller tre, høgare opp, trur han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.