Hopp til innhold

Ba om anbod på knivsliping - fekk fire mann på døra og rekning på 160.000 kroner

Ein mann fekk rekning på 160.000 kroner for utført slipearbeid, som han ikkje hadde bestilt. Då han ikkje ville betale, vart han truga av fire menn. Det enda til slutt med at mannen betalte 50.000 kroner.

Slipt utstyr

I KASSE: Det slipte utstyret kom att i ei kasse.

Foto: privat

– Vi har i løpet av dagen fått to meldingar, frå Høyanger og Hyllestad, om folk som har vorte oppsøkt av knivsliparar, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Hans Petter Harlem.

I det eine tilfellet opplevde meldar å bli oppringt onsdag av ein sigøynar.

– Denne skal ha tilbydd seg å slipe diverse utstyr for mannen. Han var då vekkreist, og ba om eit prisoverslag, seier Kjetil Drange, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ringde og sa at jobben var utført

Utpå torsdagen ringde knivsliparen tilbake og sa at jobben var utført.

– Meldar vart då presentert for ein rekning på 160.000 kroner, noko han ikkje ville betale, då han ikkje hadde inngått ein avtale om sliping, seier Drange.

Då fekk mannen besøk på døra. Utanfor stod det fire karar, og dei hadde ikkje tenkt å gå tomhendte derifrå.

– Det ende til slutt med at meldar betalte dei 50.000 kroner, då utstyret han hadde fått slipt, var verdt langt meir, seier Drange.

Men det er på det reine at mannen opplevde situasjonen som trugande.

Oppførte seg trugande

– Knivsliparane oppførte seg svært trugande, og det var ikkje berre éin mann som kom, men fire som dukka opp og sette denne personen i ein veldig vanskeleg situasjon, seier Harlem.

Han legg til at politiet førebels ikkje har kjennskap til kven knivsliparane er.

– Det veit vi ikkje, men vi jobbar med saka. Vi ønskjer primært å åtvare folk mot å inngå noko som helst form for avtale. Vi rår folk til å avvise dei, dersom dei vert oppsøkt av ein eller fleire som tilbyr seg å slipe knivar, seier Harlem.