Hopp til innhold

16 personar berga i land etter flåte-fest

Det var tilløp til panikk då ein flåte med 16 feststemde personar fekk motorstopp midtfjords i Aurland i natt. – Galimatias, seier politiet sin operasjonsleiar.

På det som kanskje var årets første skikkelege sommarnatt la sogningane ut på eit, skulle det vise seg, komplisert fjordcruise.

Skårfaste på 24 kvm

– Vi fekk melding klokka 03.05 om at 16 personar ikkje kom seg i land frå ein flåte. Det var tilløp til panikk hos enkelte om bord, fortel operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Flåten skal ikkje ha vore større enn 6 x 4 meter og var utstyrt med påhengsmotor.

– Denne fekk motorstopp midtfjords, konstaterer Gulliksen.

Dermed måtte politi og andre etatar rykkje ut. Klokka 04.35 var flåten slept til land i Aurland. Om bord var både kvinner og menn, rusa, men i god behald.

Berre to redningsvestar

Politiet er lite imponert over fjordcruiset.

– Det høyrest ikkje bra ut. Dei hadde to redningsvestar til 16 personar. Det høyrest ut som galimatias, seier Gulliksen som strekar under at han sjølv ikkje var på vakt i natt.

– Eg reknar med at dette er ei sak som lensmannen i Aurland vil følgje opp, avsluttar operasjonsleiaren.

Partyflåten ligg søndag ved gjestebrygga i Aurland sentrum.

– Den ber preg av at det har vore fest om bord, seier ein aurlending til NRK.

Flåten som ber namnet «Geiteryggekspressen» skal vere eigd av lokale ungdommar.

Laster Twitter-innhold
Aurlandsvangen