NRK Meny
Normal

16-åring til Haukeland – Tilstanden er alvorleg etter ulukke

Ein 16 år gamal gut køyrde av vegen på riksveg 13 i Gaular på lett motorsykkel laurdag. Han er sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Laster kart, vennligst vent...

Rundt klokka 17.30 rykka ambulansehelikopter ut til Gaular etter ein ung gut køyrde av vegen med lett motorsykkel. Han blei sendt til Førde sentralsjukehus. Seinare blei han flydd i luftambulansen til Haukeland universitetssjukehus.

Tilstanden blir rekna som alvorleg.

– Det er for tidleg å seie kva som er årsaka til ulukka, seier Bengt Ness i politiet.

Han seier det var vått i vegbanen, men veit enno ikkje om det var det eller noko anna som gjorde at guten køyrde av. Ingen andre var involverte i ulukka.

Laster Twitter-innhold
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser