Hopp til innhold

Jakob (16) har skote fire dyr på si første jakt

Jakob Husevåg har hatt fulltreffar på si første jakt med våpen på post – han har skote fire dyr på to dagar.

Jakob Husevåg

FULLTREFFAR: 16-åringen kjende pulsen banke då han skaut sin første hjort. I alt har han felt 4 dyr på to dagar.

Foto: Privat

16-åringen har vore med eit jaktlag i det bratte terrenget på Skrede i Eid der dei har løyve for åtte hjortar. No har debutanten felt 4 dyr på to dagar.

– Det var spennande, og eg kjende på puls! I går då eg skaut første hjorten, sat eg eigentleg og såg ein annan veg. Plutseleg såg eg berre nokre hårtustar som kom opp mellom to steinar. Då eg såg at det var hjort skaut eg og dei datt rett ned, fortel Husevåg til NRK.no.

Får støtte frå dei erfarne

Jakob Husevåg

FULLTREFF: 16-åringen har skote fire dyr på to dagar.

Foto: Privat

I alt har 16-åringen skote to koller og to kalvar på to dagar. Søndag måtte jaktlaget ta pause for å rekke å flå dyra han har skote.

– Det første dyret eg skaut var ein kalv på 33 kg. Kolla vart felt rett etter, ho vog om lag 70 kg.

Han er den yngste på jaktlaget. Men dei meir erfarne skyttarane som ligg på post, veit å passe på den unge jegeren.

– Vi plasserer oss på post rundt han, slik at han skal ha litt støtte rundt seg, fortel jaktleiar Per Magne Hervik.

Sikker skyttar

Den unge jaktkaren får særdeles gode skussmål for skyteferdigheitene sine.

– Det er kjekt å få ein slik ungdom inn i jaktlaget. Han er ein fin type å ha med seg, seier Hervik.

Husevåg seier det er godt å gå saman på jakt med så mange erfarne jegerar. Men sjølv om han er uerfaren, får han sitte på gode postar.

– Det første gongen eg er åleine på post med våpen. Men eg har hatt fin plass høgt oppe i terrenget.

Må fortsette å drøyme om bukken

Husevåg har skote med hagle sidan han var 10 år, men byrja med rifle i fjor då han fekk vere med å sjå på jakta – men utan våpen. Jaktinteressa fekk han lenge for lenge sidan av ein onkel som tok han med på skytetrening.

Søndag skaut 16-åringen to nye dyr, ei kolle og ein fjordbukk.

– I dag kom ein bukk først fram mot posten min, men eg hadde ikkje fri skotbane, så bukken slapp unna. Det vil seie at han sprang vidare til neste post, og der vart han felt.

No håpar han å få jakta litt i valdet til bestefar sin i deler av jaktsesongen ettersom det er fleire løyve der som ikkje er felt.

– Han får no vere med her og, seier Per Magne Hervik.