Hopp til innhold

Her kjem 16-åringen i mål etter 12,5 timar med blodslit

Han er både eitt og to tiår yngre enn sine tøffaste konkurrentar. Likevel imponerte heimehåpet Rasmus Haugen (16) med ein sjuandeplass under Hornindal Rundt i helga.

Rasmus Haugen fullførte dei 75 seige kilometrane og dei 6500 blodharde høgdemetrane på 12,5 time.

ENDELEG: Her tek Rasmus Haugen (16) i mot hyllesta frå heimepublikummet etter 12,5 time i tøft terreng. Foto: Halvor Farsund Storvik og Ole Eltvik. Redigering: Halvor Farsund Storvik.

Hornindal rundt vert av arrangørane sjølve kalla Noregs tøffaste fjelløp. Med 75 seige kilometer og totalt 5600 brutale høgdemeter, er det vanskeleg å vere ueinig.

– Det var eigentleg heilt forferdeleg, seier Rasmus Haugen (16) i mål etter å ha gjennomført sin livs styrkeprøve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Til ære for fotografen

KØ TIL TOPPEN: På det første fjellet har dei fleste framleis litt saft igjen i fråsparket

Foto: Ole Eltvik / Hornindal Rundt

Ukjent territorium

Klokka åtte tidleg laurdag morgon set 315 spreke sjeler av garde for få teste sine eigne grenser.

Dei 135 tøffaste skal gjennom over seks fjelltoppar fordelt på ein distanse tilsvarande nesten to maraton.

Ein av dei er Rasmus Haugen, 16 år og frå Hornindal.

I fjor var han først i mål på 38-kilometeren. I år skal han for første gong prøve seg på den fulle distansen. Dei raskaste er venta til mål etter 10 timar. Dei siste vil trenge over eit døgn.

Når Arve Rindal frå Eid går i mål på Horndøla bru, som vinnar av den halve distansen med fire timar og femtitre minutt, har løpet for Rasmus Haugen så vidt byrja.

Etter fem timar og ein halv time joggar han lett over den vakre steinbrua som markerer halvgått løp.

– Det blir sikkert mykje tyngre no, den siste delen, seier løpstalentet medan han byter til tørre sokkar. Ein tallerken med suppe går ned på høgkant, før han hastar vidare. Herifrå er det ukjent territorium.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vakkert men brutalt

EINSAM MAJESTET: Fjella rundt Hornindal skaper ei vakker, men brutal ramme for dei 135 som har våga seg ut på den ultimate styrkeprøven.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Beina lystrar best i motbakke

Lars Erik Skjervheim frå Voss er det ingenting å gjere med. Han stikk tidleg frå konkurrentane.

I mål knuser han den gamle rekorden med ein time og atten minutt. Ein rekord mange meinte var uslåeleg.

Nokre timar bak i løypa, har heimehåpet fått opp dampen. Femteplassen er lenge innan rekkevidde. Men i dei lange slake nedoverbakkane før og etter den siste fjelltoppen får han det tøft.

For Rasmus Haugen sine bein lystrar best i motbakke.

På den siste strekka er det berre lukta av målstreken som held dei i gong. Langs vegkanten har bygda samla seg for å hylle 12,5 time med blodslit.

I mål går han på ein delt sjuandeplass. Ein råsterk prestasjon av ein 16-åring.

– Det gjekk fint, men det var veldig tungt på slutten der. Det var så vidt det gjekk framover, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasmus Haugen i mål på ein delt sjuandeplass.

IMPONERANDE PRESTASJON: Trettifem løparar kom aldri til mål. Men Rasmus Haugen (16) fullførte dei 75 kilometrane på imponerande 12,5 time og tok med det ein delt sjuandeplass.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Forlokkande styrkeprøve

Mediesjef Svein Otto Espe har sett at deltakartala har skutt i vêret sidan starten for fem år sidan.

Ideen til fjelløpet kom då nokre tøffe honndøler ville prøve å ta alle trimpostane i fjella rundt Hornindal på berre eitt døgn. Det klarte dei og resten er, som ein seier, historie.

I dag er det eitt av dei største ultramaratonløpa i landet. At det også er eitt av dei tøffaste, trur Espe berre gjer det enno meir forlokkande.

– Utfordringa står nok høgt. Det gjer eg no sjølv av og til, utfordrar meg sjølv. Men ein vel det som passar ein best og for dei som er med i Hornindal Rundt så passar det best å slite seg godt ut i fjella. Her får dei bryne seg godt på det vi har å by på av høgdemeter, seier han.