Strengare enn påstanden
Det er eitt år meir enn påstanden til aktor Bjørn Soknes. Dommen vart lesen opp av dommar Steinar Velle klokka 14 tysdag.
Dommar Steinar Velle og meddommar Unni Heggheim på veg inn i rettssalen. MMS-foto Lars Petter Degnepoll NRK
Tilstod drap, men ikkje valdtekt
Den 19 år gamle folkehøgskuleeleven vart funnen drepen på rommet sitt på Sogndal Folkehøgskule den 28. oktober i fjor. Hashin reiste frå Sogndal same dagen, men vart funnen og arrestert i Nederland i januar. Han har tilstått å ha teke livet av Hedda Karterudseter ved kveling, men har ikkje vedgått valdtekt. Tingretten har kome til at Hashin må dømmast for både valdtekt og drap.
- Verre enn Slåtten-drapet
Ved straffutmålinga har Sogn tingrett samanlikna med drapet på Anne Slåtten i Førde, der Øyfred Henning Standnes vart dømd til 15 års fengsel av lagmannsretten. Valdsbruken var langt grovare i Hedda-saka, og difor er det rett med strengare straff enn det Standnes fekk, meiner tingretten.
- Sjalusi ikkje formildande
Forsvararen til Hashin, Herman Hoff, meinte drapet skjedde i affekt på grunn av sjalusi, og at dette er formildande. Dette var tingretten ikkje samd i.
Anka på staden
Hassan Samriye Hashin anka dommen på staden.
Hedda Karterudseter
330.500 kr til familien
Hashin vart og dømd til å betale familien til Hedda Karterudseter 330.500 kr i erstatning og dekking av utgifter i samband med saka. Erstatningssummane på 120.000 kr til kvar av foreldra er i samsvar med det som er gitt i andre drapssaker, mellom anna i Anne Slåtten-saka.