Hopp til innhold

151 og 133 km/t i Lærdalstunnelen

Det vart bråstopp for ein hastig utlending på E16 i Lærdalstunnelen fredag ettermiddag.

Lærdalstunnelen

E16: Lærdalstunnelen har automatisk trafikkontroll tre stader. Det verkar ikkje å hindre folk i å ta sjansar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Den 24 km lange tunnelen har i det siste vore gjenstand for fleire medieoppslag om høg fart. Midt i helgerushet fredag tok politiet oppstilling i tunnelen.

151 km/t på ettermiddagen...

Berre éin bilførar vart teken, men farten var på si side av det høgare slaget i 80-sona.

Den utanlandske bilføraren vart tikka inn til 151 km/t - nær det doble av fartsgrensa på staden. Dermed vart førarkortet kverrsett.

...133 km/t på kvelden

Seinare på kvelden gjorde Utrykkingspolitiet ny fangst i tunnelen. Denne gongen miste ein bilførar lappen etter å ha blitt tatt i 133 km/t.

Normalt ryk førarkortet ved 116 km/ i ei 80-sone. Frå 131 km/t og oppover er fengsel utan vilkår ei vanleg reaksjonform.

Seinast denne veka vart ein bilførar dømd til fengsel etter å ha køyrt i drygt 190 km/t gjennom tunnelen.