Hopp til innhold

150 elevar står framleis utan læreplass

Framleis står 150 elevar som har teke to år med yrkesfagleg utdanning utan læreplass. Distriktssekretær i LO, Nils P. Støyva, meiner det er eit paradoks.

Bilmekanikerlærling

FRAMLEIS UTAN LÆREPLASS: 150 elevar står framleis utan læreplass i Sogn og Fjordane.

Foto: Frank May / NTB scanpix

– Det er eit veldig stort paradoks at næringslivet skrik etter kvalifisert arbeidskraft. Det er spådd at vi manglar svært mange når vi ser fram i tid og likevel har ein del som skal ut i lære store problem med å skaffe seg læreplass, seier Støyva.

Tidlegare i sommar melde NRK at 170 ungdomar stod utan læreplass, og framleis ventar om lag 150 ungdomar på moglegheit til å fullføre utdanninga si.

– Ta inn ein ekstra lærling

Nils P. Støyva

Distriktssekretær i Lo, Nils P. Støyva, meiner næringslivet, organisasjonar, kommunane og fylkeskommunen må ta eit krafttak for å betre høva for lærlingar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tal frå SSB viser at Norge vil mangle 90.000 fagarbeidarar fram mot 2035. Støyva oppmodar til eit krafttak for å skaffe ungdomane som ikkje får fullført utdanninga si i fylket læreplass.

– Eg har oppmoda næringslivet, organisasjonane, kommunane og fylkeskommunen om å gjere eit krafttak for å syte for at desse her elevane som har teke to år med yrkesfagleg utdanning skal få læreplass, fortel Støyva.

Hen meiner bedriftene burde gjere ein ekstra innsats for å hjelpe til når situasjonen er slik den er.

– Bedriftene må sette seg ned å spørje seg sjølv om dei moglegheit til å ta inn ein ekstra lærling dette året, for å avhjelpe den vanskelege situasjonen, fortel Støyva.

Viktig å følge opp

Distriktssekretæren har forståing for at nokre bedrifter ikkje har kapasitet til å ta inn lærlingar i nedgangstider, men meiner framleis at det er på tide å gjere det ein kan.

– Eg er klar over at det er økonomisk nedtur i nokre bransjar, men faglært arbeidskraft er så viktig for produktiviteten og verdiskapinga at her må aktørane handle, seier Støyva.

Regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, tykkjer talet på elevar som står utan læreplass er høgt og at det er ein alvorleg situasjon.

– Når ein har byrja på eit yrkesfagleg løp er det viktig at ein følger opp i alle endar. Vi har kjempa for at elevar skal velje yrkesfag og då kan ikkje elevane oppleve at dei på slutten av utdanninga si ikkje kjem vidare, seier han.

Kan gjere meir

Jan Atle Stang

Regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, meiner det er viktig at elevane får fullført utdanninga si og oppmodar bedriftene om å ta imot fleire lærlingar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Stang fortel at NHO oppmodar bedriftene om å ta imot fleire lærlingar, men at dei ikkje berre kan ta inn ein ekstra lærling for å gjere det.

– Ein skal vere sikker på at ein som bedrift skal kunne følge opp den lærlingen på ein skikkeleg måte, ein kan ikkje berre ta inn lærlingar for å gjere det, fortel han.

Stang vedgår at ein ikkje gjer nok for å betre situasjonen for elevane som ikkje får fullført utdanninga si.

– Vi kjem til å stor bruk for norske fagarbeidar i framtida, så vi er nøydde til å legge oss i selen. Nok gjere ein aldri før alle har fått læreplass, seier han.