75 % av utgiftssida er knytta til lønsmidlar. Det inneber truleg eit kutt på 70-80 årsverk i 2003 og like mykje året etter.
Kvar kutta kjem, er ikkje klart. Åtte grupper har arbeidd med ymse innsparingsframlegg, og desse blir presenterte fyrstkomande fredag. Fyrst då vil vi få høyre om det ligg føre konkrete framlegg om å leggje ned Tronvik, lokalsjukehus eller avdelingar innan Helse Førde.