Hopp til innhold

150 årdøler leitar etter sakna

Lensmannen i Årdal bad om hjelp i leitinga etter sakna eritrear - 150 årdøler møtte opp.

Frivillige i leiteaksjon i Årdal

STORT OPPMØTE: 150 årdøler melde seg til leiting.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I ettermiddag møtte dei opp, enkelte med hund, for å registrere seg ved huset til Norsk Folkehjelp i Øvre Årdal. Der vart dei delte inn i ti grupper som skal leite gjennom til saman 35 roder i Øvre Årdal, Fardalen og Utladalen.

Ein av dei som melde seg til teneste er ordføraren i Årdal, Arild Ingar Lægreid. Han er i krisestaben til Årdal kommune, men ynskte også å vere med i leitinga.

– Eg vil vere med å bidra med det eg kan. Eg har vore med i denne leiteaksjonen sidan laurdag morgon. Det er synd at vi ikkje finn noko teikn etter den sakna. Ein eller annan stad finst han, og vi gjer det vi kan for å finne han att.

Sist sett i Vetti

Den 24 år gamle eritreiske mannen, som har fått innvilga asyl i Norge, vart sist sett torsdag, og han vart meld sakna fredag kveld. Den siste sikre observasjonen av han vart gjort torsdag ettermiddag ved Vetti gard, om lag fem kilometer frå der bilvegen sluttar ved Hjelle.

Frivillige i leiteaksjon i Årdal

INNDELT I GRUPPER: Hektisk aktivitet når dei frivillige blir tildelt leiteområde.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Gode på dugnad

Tysdag ettermiddag og kveld skal ordføraren saman med dei andre frivillige gå gjennom hagar og kratt rundt om i tettstaden. Lægreid er stolt over oppmøtet.

– Årdølene er gode på dugnad, det er klart at dei stiller opp når vi ber om det, og det gjer dei i kveld og. Vi får håpe at vi finn fram i denne saka og.

Leitinga starta klokka 17 og skal halde på til klokka 20. Og reint juridisk er det ordna med at mannskapa kan gå inn på private område og leite.