NRK Meny
Normal

Birger sin lidenskap for strikking blir følgd av fleire tusen

Då kompisane tok mopedlappen som valfag, valde Birger handarbeid. No får han stor merksemd for hobbyen sin.

Birger Berge

AVSLAPPANDE HOBBY: Birger Berge seier han slappar godt av når han strikker og oppmodar andre til å prøve denne hobbyen.

Foto: Sigurd Berge

29-åringen frå Naustdal har nesten 15.000 følgjarar på Instagram. Men i motsetnad til mange som fyller opp med natur og kvardagsliv, kan Birger Berge by på noko heilt anna. Nemleg bilete av handarbeid. Vottar, luer, kofter, alt i detaljrike og tradisjonsrike mønster.

Lidenskapen for strikking fekk han tidleg.

– Eg lærte det frå mamma og bestemor då eg var liten. Det var vanskeleg i starten, og det blei merkelege skjerf som varierte i breidde og lengde

Etter kvart blei han skikkeleg biten av basillen. Han lagar i dag sine eigne mønster, der han mellom anna tek utgangspunkt i tradisjonar frå Sunnfjord.

– Eg laga mellom anna ei strikkejakke. Den har utgangspunkt i eit gammalt åkle som mamma og pappa fekk i bryllaupsgåve.

Valde å lage duk

Hekleduken til Birger Berge

HEKLAR OGSÅ: Det er ikkje berre strikking Birger Berge held på med.

Det å spøte, som han kallar det, er kanskje mest noko ein tenkjer at kvinner driv på med. I 2016 gjorde SIFO ei undersøking om strikkevanane til folk. Den viste at 43 prosent av alle norske kvinner strikkar, medan tilsvarande tal for menn var fire prosent.

Berge fortel han var fascinert av det han kallar kvinnesyslar då han var liten. Han likte både sying, veving, hekling og strikking. Og då dei kom til 10. klasse og mange kompisar valde å ta mopedlappen på skulen, gjorde han eit heller uvanleg val.

– Eg valde å hekle ein duk, ler han.

– Korleis reagerte kompisane dine på det?

– Det var jo blanda reaksjonar, for det skilde seg kraftig ut. Nokre tykte det var lite mandig, andre at det var eit fint og modig val.

Intervjua av utanlandske magasin

Flasketrekk som Birger Berge har designa

FEKK TELEFON FRÅ USA: Mønsteret til dette trekket ville ein strikkebutikk i USA bruke.

Foto: Birger Berge

Strikking er populært og det er mange sider både på Facebook og Instagram for dei som likar hobbyen. Etter at Berge byrja å legge ut strikkebileta sine på Instagram, har han fått merksemd frå heile verda.

– Eg laga eit trekk til drikkeflasker og la det ut på nettet. Eg blei oppringt frå ein garnbutikk i Salt Lake City. Der skulle dei halde kurs og ville bruke mitt mønster.

Han har blitt intervjua i eit fransk magasin og ei nettavis i Russland. Etter det har han fått mange nye følgjarar.

Har lyst å gi ut strikkebok

Birger Berge

AVSLAPPANDE HOBBY: Birger Berge seier han slappar godt av når han strikker og oppmodar andre til å prøve denne hobbyen.

Foto: Sigurd Berge

Men sjølv med masse merksemd, jobbar Berge framleis som konsulent ved Universitetet i Bergen. Han har ikkje tenkt å seie opp jobben heilt enno, sjølv om han har ein draum.

– Det er gøy å strikke, og eg legg ut fleire og fleire mønster. Det hadde også vore gøy å gi ut ei bok ein gong.

Han anbefaler andre menn å starte med denne hobbyen og meiner alle kan få det til.

– Ein kan stort sett drive på med det ein vil, og det skal ein unne seg.

Her kan du lese meir om strikking: