Den dømde var sjåfør i ulukkesbilen.
Natt til søndag den 25. juli i 2004 køyrde fire ungdomar i ein BMW 230 med 150 hestekrefter frå sentrum av Balestrand. To vitne forklarte i retten at dei høyrde bilen starte, og høyrde at den køyrde fort. Omlag 2,3 kilometer frå den dømde sin bustad køyrde bilen utfor vegen. Bror til den dømde skal ha døydd momentant.
Alkoholpåverka
Det springande punktet i saka er om det var tiltalte som køyrde bilen då ulukka skjedde. Men etter vitneforklaringar har retten kome til at det var 20-åringen som køyrde.
Det er også på det reine at den dømde 20-åringen var påverka av alkohol då ulukka skjedde. Dette har han vedgått.
Ifølgje dommen er årsaka til ulukka høg fart, manglande køyreerfaring og det faktum at han var påverka av alkohol.
20-åringen er også frådømd sertifikatet for all tid.