NRK Meny
Normal

15 jølstringar forsvarar fylket si ære i Oslo

– Det blir ein kamp for å overleve, vedgår lagleiar Johnny Solheimsnes før Holmenkollstafetten i hovudstaden laurdag ettermiddag.

Jølster IL sitt lag i Holmenkollstaffeten 2017

STAFETTLAG: Denne gjengen frå Jølster skal i dag konkurrere i eliteklassa under Holmenkollstafetten i Oslo.

Foto: Johnny Solheimsnes

Stafettlaget frå Jølster IL sprang i fjor fortast av alle laga i klassen F2 Menn Senior. Med det klarte dei det berre to lag frå fylket har klart før dei, nemleg å rykke opp til den gjeve eliteklassa i Holmenkollstafetten.

– Vi er det einaste laget i eliteklassa frå fylket i år, og den tredje gjennom alle tider frå fylket som klarer å rykke opp. Så vi er ganske småstolte, seier Solheimsnes.

Holmenkollstafetten i Oslo har 15 etappar, der den kortaste etappen er 370 meter, medan den lengste er på 2800 meter. Solheimsnes seier seks mann på laget er under 20 år, og er veldig spent før konkurransen.

– Vi må stikke fingeren i jorda og seie det som det er, det blir ein kamp for å overleve. Eg brukar å samanlikne det med Sogndal i eliteserien i fotball. Det er ein kamp for å overleve kvart år, seier han og legg til:

– For oss er det i år snakk om å klare ein plass blant dei 16 beste, då held vi på plassen i eliteklassen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser