Hopp til innhold

15 avskilta i storkontroll

Totalt 15 køyrety blei avskilta då politiet og Statens vegvesen hadde storkontroll i Førde onsdag ettermiddag.

Seks mopedar blei avskilta på grunn av trimming. Medan ni bilar mista skilta grunna manglande betaling av årsavgift.

I tillegg vart det delt ut to forenkla førelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon, tre for bilbelte, medan fire blei teken for høg fart. Høgste måling var 77 km/t i 50 sona.

Køyrde med promille

Ein person vart teken med til lensmannskontoret mistenkt for køyring i påverka tilstand. Mannen, som ikkje er frå Sogn og Fjordane, vart stoppa i ein rutinekontroll i Førde sentrum.

Det er teke blodprøve av mannen.