Hopp til innhold

Frå Tambarskjelvar til Rosenborg på eitt år

På eitt år har Jacob Storevik (15) gått frå å spele fotball på Tambarskjelvar sitt gutelag til å halde nullen for Rosenborg i NextGen Series mot Ajax.

Jacob Storevik

IMPONERTE: På Rosenborg sine nettsider vert redningane til Jacob Storevik mot Ajax beskrivne som meisterlege.

Foto: Stig Høynes / NRK

Førre veke var 15-åringen frå Naustdal på treningsopphald med Rosenborg. Der imponerte han så sterkt at han fekk vere med trønderane til tysdagens kamp mot Ajax i Amsterdam i NextGen Series, noko som er juniorlaga sitt svar på Champions League.

Ungguten som tidlegare i år spelte på gutelaget til Tambarskjelvar, gjorde ifølgje RBK sine nettsider, ein meisterleg innsats i buret, og redda to mål.
Sjølv har han berre lovord å seie om opplevinga.

Få trudde på siger mot Ajax

– Det var veldig gøy. Kanskje noko av det største eg har opplevd som fotballspelar til no, seier Storevik.

På førehand var det få som trudde at Rosenborg ville ha sjanse til å slå Ajax, då dette er eitt av dei beste juniorlaga i Europa. Men lagnaden ville det annleis. Trønderane vann 2-0, ikkje minst grunna fantastiske redningar av Storevik.

– Eg var veldig nervøs før kampen, men det gjekk jo veldig bra. Dei kom åleine med meg to gonger, men eg redda begge gongene, seier Storevik.

Fekk trene med A-laget

Han legg ikkje skjul på at han har hatt det kjekt.

– Opphaldet har vore veldig fint. Rosenborg-gutane er ein veldig fin gjeng og eg treivst godt, seier Storevik, som brått kom nær på dei verkeleg store gutane på laget.

– Førre veke fekk eg trene med A-laget også. Det var veldig stort. Det er spesielt å trene i lag med spelarar som eg berre har sett på TV, seier Storevik, og meiner det at han fekk sjansen til å trene med Rosenborg, betyr mykje på sikt.

– Dette betyr ganske mykje for ei vidare karriere i Rosenborg. Eg har fått høve til å syne meg ganske godt fram, og det verkar som Rosenborg er interessert i å ha meg med vidare, seier Storevik.

RBK er interesserte i meir

No skal han heim til Sunnfjord og halde fram treninga her.

– Det er ikkje avklart noko nytt opphald i Trondheim, men dei er interesserte i å ha meg med på fleire hospiteringar, seier Storevik, og legg til at opphaldet har gitt han meirsmak. Ambisjonane hans er iallfall klare.

– Bli så god som mogleg. Først spele meg inn på A-laget til Florø og så få fleire aldersbestemde landskampar, seier Storevik, som ikkje er framand for ei framtid i Trondheim.

– Eg kan godt tenkje meg Rosenborg som ein framtidig arbeidsgjevar, seier Storevik.