Hopp til innhold

15 år med vern mot oppdrett - likevel døyr villaksen

Noreg har 29 nasjonale laksefjordar som er verna mot oppdrett. Men i mange av dei døyr villaksen likevel, syner fersk rapport. Naturvernforbundet krev meir vern.

Sylvarnes ved Sognefjorden

IDYLL: Berre halve Sognefjorden er verna mot lakseoppdrett. Når villaksen nærmar seg kysten ligg anlegga tett, medan indre delar er oppdrettsfri. Det fungerer berre halvvegs, seier havforskarane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Skal ein fyrst verne ein fjord så må ein verne heile fjordsystemet, seier fagrådgjevar i Naturvernforbundet Jorunn Vallestad.

15 år etter at dei fyrste fjordane vart verna mot oppdrett, kjem forskinga om kor godt ordninga med nasjonale laksefjordar faktisk verkar.

Kompromissa var fleire då ordninga vart innført. Enkelte laksefjordar er berre fjordarmar som ligg eit stykke inne i eit fjordsystem. Sognefjorden til dømes er berre verna frå midten.

Dermed må villaksen passere mange oppdrettsanlegg på vegen frå elvane mot havet.

– Dersom laksesmolten må symje gjennom område med mykje oppdrettsaktivitet, har vernet av fjorden sannsynlegvis liten effekt på dødelegheita til utvandrande laks, seier seniorforskar ved Havforskingsinstituttet, Ørjan Karlsen.

Stortinget skal evaluere ordninga

Havforskingsinstituttet og NINA har evaluert effekten av å ha oppdrettsfrie fjordar.

Konklusjonen er at store nasjonale laksefjordar har betre vern mot lus, enn mindre fjordarmar. Nasjonale laksefjordar der vernet går heilt ut til kysten verkar også betre enn når merdane ligg delvis inne i fjorden. I tillegg har straumtilhøve innverknad.

Oppdrettsanlegg i Sognefjorden

HALVVEGS VERNA: Sognefjorden er verna frå midten.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Lakselus har potensial for å både skade og drepe villfisken, seier Karlsen.

Oppdrettarane fryktar for mykje vern

Rapporten er del av ein gjennomgang som Stortinget har bestilt.

Kommunikasjonsdirektør Are Kvistad i Sjømat Noreg seier oppdrettsnæringa har etterlyst ein kritisk gjennomgang av nasjonale laksefjordar.

– Det er viktig å ta vare på villaksen, men det er også viktig at vi er sikre at det omfattande vernet gir ein effekt sett opp mot tiltaka som blir sett inn.

Are Kvistad

SPENT: Are Kvistad i Sjømat Noreg

Foto: FHL, pressefoto

For når ein fjord blir stengd for oppdrett seier ein også nei til store inntekter.

– Ein seier nei til viktig matproduksjon, arbeidsplassar, og verdiskaping i mange kystkommunar med få andre alternativ til næringsliv, seier Kvistad.

Vil ha meir vern

Naturvernforbundet håpar at fleire fjordar blir heilt og fullt verna.

– No ser vi at vern hjelper, men at ein må ta vernet heilt ut. Det er ikkje overraskande, det er akkurat som venta, seier Jorunn Vallestad.

I fjor presenterte forskarane tal som synte at lakselusa tok knekken på nær 80 prosent av villakssmolten frå fleire av dei viktigaste elvane på Vestlandet.

I desse dagar vandrar smolten ut fjordane. Havforskarane peikar også på andre tiltak enn vern.

– Ein må sjå på korleis fjorden er forma ut. Kor ein har posisjonert anlegga og kva driftsform dei har, då kan ein få minimert utsleppa av lus i den kritiske perioden laksen vandrar ut, seier Ørjan Karlsen.